Fotball | 24. jan. 2023

Ein haug med lokaloppgjer

Sjå avdelingsoppsett for 6. og 7. divisjon.

Ein haug med lokaloppgjer
Søfteland tok imot Os 2 i 2018. Os 2 rykte opp den sesongen, Søfteland hamna på 5. plass. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 24. jan. 2023 21:24

Før jul blei det klart at Os og Lysekloster hamnar i same avdeling i 3. divisjon.

Dei to møter kvarandre i serieopninga.

Os 2, som rykte ned i fjor, hamnar i same avdeling som Nore Neset i 5. divisjon.

Verken Nore Neset eller Os 2 har hatt ein god 2022-sesong, men litt jubel har det likevel blitt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy og Nicholas Forstrønen Bruarøy)
Les òg«Gamle Os 2» møter nye Os 2 i serien neste år

I midten av desember kom avdelingsoppsettet for 6. divisjon, i dag kom oppsettet for 7. divisjon.

Søre Neset rykte i fjor ned, og har hamna i avdeling med Nore Neset 2 i 6. divisjon.

Søre Neset - Nore Neset 2

6. divisjon avdeling 1 (av 4 i Hordaland)
Austevoll 2
Baune 2
Bergkrystall
Djerv 2
Eikelandsfjorden
Loddefjord 4
Nore Neset 2
Sleipner
Sædalen 2
Søre Neset
Utsikten

Søfteland - Os 3

Søfteland kom på 4 plass, eitt poeng frå 3. plass og fire poeng frå 2. plass og kamp om opprykk frå 5. divisjon i avdeling 2 (av 3) i 2019.

Så trekte dei laget sitt før 2020-sesongen, ein sesong som uansett ville blitt pandemi-avlyst.

I 2015 rykte dei opp og tok KM-tittelen, i 2017 sette dei publikumsrekord på Stilvoll med 352 tilskodarar. No trekk Søfteland A-laget sitt. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògSøfteland trekker A-laget sitt

No er dei tilbake med seniorlag, etter å ha stått over halvannan sesong, og møter eit anna lag som gjer comeback, Os 3.

7. divisjon avdeling 5 (av 5 i Hordaland)
Baune 3
Bjarg 3
Kalandseid
Njardar/Tysnes
Ny-Krohnborg 2
Os 3
Smørås 3
Stemmemyren
Søfteland
Trane 2

Det betyr at det blir lokaloppgjer, heime og borte, i både tredje, femte, sjette og sjuande divisjon i år.

I tillegg kan det koma NM-oppgjer mellom Os og Lysekloster, som eit niande derby i 2023.

Med comeback av Søfteland og Os 3 kan det også bli kamp om seniorspelarane i bygda. Midtsiden kjem tilbake med status på Søfteland og Søre Neset i eigne saker.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.