Kultur | 07. nov. 2022

Ein overgang frå haust til vinter

Vinterlysa i sentrum er fiksa og tente. Julelysa kjem seinare.

Dei nye vinterlysa styrkar hauststemninga langs Hatvikvegen, på veg inn i vintertida. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. nov. 2022 08:51

Vinterlysa, som var nye i fjor, blei somplanlagt tente under vegopninga måndag 31. oktober.

Men fukt hadde skadd fleire av koplingane, og berre lysa på Osbrua blei tente.

Os Sentrumsforening fekk utover veka hjelp av elektriker, og laurdag blei dei to siste trea lyst opp.

– Vi tenner vinterlysa no, når november er så mørk. Julelysa i sentrum blir tente saman med julegrana den første helga i advendt, fortel Christoffer Kobbeltvedt frå Fjordfolk.

Haustvêr likevel

Det ligg likevel an til hauststemning den første veka etter vinterlystenning.

Både Yr og Storm melder regn eller regnbyger frå tysdag til og med fredag, med noko lettare vêr laurdag og sol søndag.

Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent.

Lysmarsj i ny rute

Fjordfolk tar seg av det praktiske med gjennomføring av arrangement for Os Sentrumsforening. Årets julegran- og julelystenning blir fredag 25. november.

– Det ligg an til marsj frå ny destinasjon, fotballbanen på Giskavollen Parkering (som opna 1. desember i fjor).

– Det blir med batteridrivne lys, ikkje faklar.

– Vi håper at vi får det til sånn at vi står på banen og ser lysa på Borgafjellet bli tente før vi marsjerer ned Landboden for julegrantenning på Torget, seier Kobbeltvedt.

Julemarknadsdagane blir helga etter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.