Ein pickup med patroner
Forsvaret rydda både sitt eige øvingsområde og turstiar måndag. I tillegg sprengte dei ein granat frå krigen.
Bildeserie:
– Du kan kalla det ein forseinka våropprydding, seier orlogskaptein John-Fredrik Honningsvåg.
Han og leirsjef, kapteinløytnant Roar Østås, var blant befalet som leia innsatsen i området nord for flystripa på Vaksinen.
– Soldatane ryddar etter øving, men då er dei gjerne slitne og det kan vera halvmørkt. På ei øving blir det fyrt av rundt 7000 skot med lausammunisjon, og du får aldri tatt alt. Men det gjeld å halda det nede.
I blindgjengarfeltet
Frå klokka 10 til 15 i går blei ein pickup fylt opp med tomme hylser.
– Dette blei funne innanfor gjerdet der det er skilta at det er blindgjengarområde. Vi fann også ein udetonert granat frå krigen som vi tok ei kontrollert sprenging av.
– Utover ettermiddagen skal vi rydda på og langs turstiane ved Ulvenvatnet. Det er sjeldan farleg å gjera funn og folk er flinke å ringa oss om dei finn noko.
Om du finn noko som kan vera Forsvaret sitt skal du lata det ligga, merka staden og varsla.
Stenging og graving i haust
I februar skulle området blitt sperra av nokre netter for graving med robot i ein jordhaug der det kan vera fleire restar av udetonert sprengstoff.
Vegstenginga blei utsett då det gjekk ras på Fanafjellet og Lysekloster risikerte å bli avsperra (noko dei ville blitt, då det brann i ein bil i Langedalen).
Gravinga og vegstenginga blei utsett, men ikkje avlyst, og blir etter planen gjennomført i oktober. Midtsiden kjem tilbake med dato.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.