Ein svak og ein god omgang
Lysekloster slo Varegg 4-1 i treningskamp. – Lærdommen er at vi må vera på frå start, seier Tore Nielsen.
Med ein influensasjuk Ørjan Sandal fekk Tore Nielsen ansvaret for Lysekloster-gutane i treningskampen mot Varegg heime på Edne torsdag kveld.
– Det blir ein rotete førsteomgang frå vår side.
– Vi klarer ikkje å helde gode avstander i lagdelene og får ikkje til vårt eige spel.
– Det blir for mykje klumping på midten, oppsummerar Nielsen.
Gjorde som dei har trent på
Varegg gjekk til pause med leiinga 0-1.
– I pausen fekk vi justert det vi sleit med i førsteomgangen.
– Difor vart andreomgangen mykje betre. Då fekk vi til det spelet som vi trente på i Spania.
– Tommy Gaustad putter to ganske tidleg i omgangen, før Lars Henrik Skage set inn to til før full tid.
– 4-1 er nok eit fortent resultat ut frå banespelet, men kampen viste oss at vi er nøydd til å vera på frå start.
– Om ikkje vi er det, så kan vi fort få slita mot dei andre laga i divisjonen vår, meiner Nielsen.
Kalstad tilbake i slag
Nielsen er spesielt imponert over Daniel Kalstad sin innsats mot Varegg.
– Daniel har vore skadd meir eller mindre i to år, men i går såg eg mykje av det eg såg hos han i Os då eg trente dei i 2010.
– No er han tilbake i godt gamalt slag.
LIL starta med desse spelarane: Chris Sunde Midtun, Baste Jonassen, Ola Sjømæling, Preben Skorpen, Aleksander Andersen, Espen Birkeland, Johannes Jordal, Sindre Flaa, Daniel Kalstad, Tommy Gaustad og Øystein Takle Eide.
Spelarar som kom inn i andre omgang: Lars Henrik Skage, Knut Eriksen Eide, Hans-Christian Nysæther og Joakim Hjelmeland.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.