Politi | 05. mai 2023

– Ein uavklart trugselsituasjon

Først fekk politiet melding om uro mellom mann og kvinne i sentrum, så om trugslar nord for sentrum.

Politiet kontrollerte mistenkte, og tok vedkomande med seg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. mai 2023 06:57

Ved sidan av UP sin fartskontroll på Halhjemsvegen i går, var lokal patrulje ute på to oppdrag.

– I 15.30-tida fekk vi melding om uro og mogleg fysisk konfrontasjon mellom ein mann og ei kvinne i Os sentrum, opplyser politioverbetjent Christine Grindstein.

Ingen av partane ville melda kvarandre, begge blei dimittert etter samtale med patruljen.

Rundt klokka 17.50 blei det meldt om ein uavklart trugselsituasjon på ei adresse litt nord for Os sentrum.

– Patruljen møtte mistenkte, ein mann i 50-åra. Dei fekk oversikt over situasjonen, og det er ikkje oppretta sak, opplyser Grindstein.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.