Kollisjon mellom bil og buss ved Os terminal
Skapte hindring for busstrafikken i over ein halvtime.

Måndag klokka 12.25 fortalte politiet om trafikkulykke ved Os terminal.
– Det er ikkje meldt om alvorleg personskade, skriv Vest politidistrikt på Twitter.
Politiet på staden opplyser av bilførar, ei eldre kvinne, var bevisst og framsto som uskadd, men klagde over litt smerter i brystet.
– Det er også naturleg, når bilbelte held deg igjen og airbag blir utløyst.
Retta: Vi fekk først opplyst at ambulanse hadde vore på staden, og køyrd vidare. Det riktige er at bilførar blei undersøkt av ambulanse på staden, og så køyrd til lege.
Bildeserie:
Kollisjonen skjedde då bilisten køyrde ut av Os sentrum retning rundkøyringa samtidig som ein buss var på veg inn på terminalen.
Bilførar hadde vikeplikt.
Den eine av to tilkomstar til terminalen var dermed blokkert i ein periode på litt over ein halvtime.
Det blei opplyst om fri ferdsle frå klokka 13.03.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.