Kultur | 13. jan. 2013

Ein vanskeleg kombinasjon?

– Å både vera vertsskap og vakt kan vera utfordrande. Spesielt når du, på små plassar, må ha ekstra lang lunte, seier Bjarte Andersen.

Ein vanskeleg kombinasjon?
Barsjef Bjarte Andersen er blant dei ti som vaktar døra på Irish Cat. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 13. jan. 2013 21:11

I haust har det vore fleire tilfelle av episodar der gjestar på nattklubben Irish Cat har blitt lagt i jern.

Det har også vore gjestar som har sagt at dei vil melda dørvaktane for vald eller for unødig maktbruk.

– Ingen av våre tilsette har blitt politimeldt, folk som har vore i konflikt ser gjerne på saka med litt andre auge når dei har blitt edru, seier barsjef på Irish Cat, Bjarte Andersen.

Rydda i rekkene

– Men vi har registrert at det har vore nokre episodar, og at kanskje nokre av vaktane som har jobba for oss ikkje har vore varsame nok, innrømmer Bjarte Andersen.

Rundt ti ulike personar har vakta døra på Irish Cat det siste halve året. Nokre av dei har vore oftare i konflikt enn andre.

– Balansegangen kan vera vanskeleg, og då eg observerte noko som såg ut til å vera gjentakande problem, så tok vi tak i det.

– Nokre av desse vaktane jobbar ikkje her lenger, fortel Andersen.

Veldig lite slåsting

Dei gongane det blir diskusjon med vaktane er anten fordi dei har blitt nekta inngang fordi dei er for full, eller fordi dei er inne og blir beden om å gå ut.

– Folk som sovnar og folk som blir utagerande kan vi ikkje ha inne.

– Men heldigvis er det veldig lite slåsting gjestane imellom. Eg trur eg kan telja på éi hand dei gongane vi har hatt slåstkamp mellom gjestar inne på Irish Cat.

– Vi har stort sett veldig hyggelege gjestar, til og med dei som kverulerer i døra eller er vanskeleg når dei blir sendt ut slår gjerne på tråden dagen etter og ber om orsaking.

– Kan sjå brutalt ut

Om enkelte tidlegare vaktar kanskje har hatt for lett for å hamna i konflikt, fortel Bjarte at det av og til ikkje er til å unngå.

– Eit eksempel som ikkje er så gamalt er ein høg og kraftig mann, fysisk overlegen alle oss vaktane, som skubba ei tilfeldig jente han gjekk bak.

– Han fekk høfleg tilsnakk om at vi ikkje tolererer slik framferd, og han reagerte med å vera aggressiv. Vi fekk styrt han ut døra og der gjekk han til angrep på ein av vaktane.

– Vi fekk han i bakken, men han gav seg ikkje, så då var det på med handjern.

Han gav seg framleis ikkje, så vakten måtte sitja på han i nesten 20 minutt til politiet kom og tok han med.

– I etterkant har vi fått høyra rykter om at vi hadde banka opp ein uskyldig gjest.

– Det å halda ein krakilsk mann i ro kan sjå brutalt ut, men når vi er her for å halda gjestane trygge, så må vi overmanna også dei som er sterkast og villast.

– Alt i alt så koser vi oss veldig på Os, men eg vil be folk om å hugsa at det alltid er to sider av ei sak, det er ufortent om det går rykter om vaktane når dei berre gjer jobben sin.

– Visst nokon har noko på hjartet kan dei berre koma til meg med det, i edru tilstand. Vi er her for at gjestane skal ha det kjekt og ha det trygt.

Lang lunte på Os

Andersen har jobba som dørvakt sidan 1995.

– Det er noko heilt anna å jobba i Bergen enn i Os. I by'n er kvar uteplass ein av mange, i Os er du ein av få, kanskje einaste alternativ for enkelte. Det kan øydelegga kvelden å ikkje koma inn.

– Samtidig har vi ein mindre marknad, alle er gjestane våre, folk som, om dei har bomma på formen ein kveld, er velkomen neste kveld.

Men ikkje alle er klare for å ta tidleg kveld.

– Nektar vi nokon å koma inn blir vedkomande nesten alltid ståande igjen med vakten, gjerne i ein heil time, og kverulera. I Bergen ville dei gått vidare til ein annan stad, om ikkje ville dei fort ha blitt vist bestemt frå staden eller blitt sendt av garde med politiet.

– Kva bør folk gjera om dei føler at dei ikkje er for full, og kanskje ikkje er det?

– Å brånekta på at du er for full er ofte beste bevis på at du faktisk er det. Det hender at vi er i stuss, og dei som er roleg og høfleg, har større sjanse for å koma inn etter ei stund enn dei som står og brøler i ein time.

– Ta deg ein lufterunde, stikk på Essoen og ta ein kaffi og kom tilbake igjen. Vi er svært tålmodig og har mykje lengre lunte enn om vi hadde jobba i by'n, men vi har skjenkereglar å retta oss etter og andre gjestar å ta omsyn til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.