Lokal | 09. feb. 2020

Einebustad fylt med røyk

Brannvesenet rykte ut til Hagavik i morgontimane søndag.

Einebustad fylt med røyk
Politi og brannvesen rykte ut til Hagavik søndag morgon. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 09. feb. 2020 07:22

Søndag klokka 07.15 kom det melding om røykutvikling i ein einebustad i Strønevegen.

Bustaden ligg i Hagavik, politiet fekk tidleg opplyst at det var kontroll på alle som bur i bustaden.

– Brannvesenet er framme. Dei stadfestar at det er mykje røyk i huset, og ber om fleire ressursar, fortel 110-sentralen litt før klokka 07.28.

Politiet opplyser at røyken kom frå ein stor stearinlyshaldar.

Vakthavande på 110-sentralen seier til Midtsiden klokka 08.20 at brannvesenet raskt fekk kontroll, og at dei har avslutta på staden.

OPPDATERT måndag nmorgon: Politiet fortel at bustaden er stengt av, og at folk truleg ikkje kan bu i huset på ei veke. Det var to personar i bustaden då røykutviklinga starta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.