Næringsliv | 02. jan. 2011

- Eit berg av egoisme

Enkelte kan kvi seg meir enn andre til å gå på jobb i morgon.

- Eit berg av egoisme
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 02. jan. 2011 20:28

- Eg kom til returpunktet med ferdig sortert avfall og blei møtt av egoismens høyborg, skriv ein Midtsiden-lesar i ei teksmelding til redaksjonen.

Returpunktet ved AMFI Os er overfylt med boss etter jule- og nyttårshelga.

Alt frå papp til matrestar og plastleikar, noko av det pakka inn i returposar med «god jul»-helsing frå Bir, posar som kunne vore plassert ved spannet for henting på vanleg hentedag.

- Eg har nok ikkje meir enn eit minimum av miljøinteresse, men eg har maksimal respekt for dei som har som jobb å rydda opp etter andre. Å lempa frå seg boss på denne måten er verste sort.

Plast blir henta ved returpunktet kvar tysdag, papir og papp tysdag og av og til om fredagen i tillegg.

- Det som er synd er at problemet med restavfall er så stort at nokre av dei tilsette med jamne mellomrom må ta turen ned med bossbilen for å rydda rundt returpunktet, sa informasjonskonsulent Tina Skudal hos BiR til Midtsiden i september.

Forsøpling rundt returpunkt i Os, særleg ved Amfisenteret, er også eit problem utanom ferietider.

- Vi vil i dialog med senterleiinga vurdera ulike tiltak, eit av dei kan vera å flytta returpunktet til ein meir synleg plass på tomta, sa Skudal i haust.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.