Kultur | 27. jan. 2018

Eit bilete mange har sett

Mange kjenner «Kanefart» frå raudeskulen på Os barneskule. No har måleriet kome på plass i Oseana.

«Kanefart» av Axel Enders kjenner mange frå raudeskulen på Os barneskule (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 27. jan. 2018 16:01

Bildeserie:

Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo overraska med dansarar under utstillingsopninga (foto: Andris Hamre)
«Landligge i Lofoten» hang tidlegare på sjukeheimen (foto: Andris Hamre)
Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo overraska med dansarar under utstillingsopninga (foto: Andris Hamre)
«Landligge i Lofoten» hang tidlegare på sjukeheimen (foto: Andris Hamre)
1 av 2
«Landligge i Lofoten» hang tidlegare på sjukeheimen (foto: Andris Hamre)
Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo overraska med dansarar under utstillingsopninga (foto: Andris Hamre)

Laurdag var det dobbelt utstillingsopning på Oseana. Griegsamlinga reopna med fleire nye bileter og bileter som ikkje har vore vist på ei stund.

I tillegg opna Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo sin levande installasjon «Supra», ei opning som tok ei overraskande vending då kunstarsamtalen med kurator Evelyn Holm blei avbrote av eit vel planlagt stunt med dei to kunstnarane på klarinett og tre «publikumarar» som byrja danse. Danserane var Marita Moe Sandven, Morten Brun og Randi Fossan Maeland.

– Desse er nokre av imporvisjonvenane våre, kommentert Heidi Tronsmo som sjølv blei med i dansen.

Kom «heim»

Før det hadde Holm gledd seg over å ha fått «Kanefart» av Axel Enders og «Landligge i Lofoten» av Gunnar Berg opp på veggane.

– For første gong heng dei to verka som Os kommune og Greig Foundation kjøpte av Rekstenfamilien i 2015 i utstillinga. Det at dei er her no, er takka vera ein felles innsats og bidrag frå alle dei tre partane.

– Bileta har blitt reinsa og dei flotte rammene har blitt restaurert. Det er jo to så store verk at det knapt er mogleg å ha dei på lager, smilte Holm, før ho fekk sufli frå kultursjef Lisbeth Axelsen som kunne fortelje at Kanefart tidlegare har hengt i raudeskule på Os barneskule og på rådhuset, og at Landligge i Lofoten hang i gangen på sjukeheimen.

– Men no heng dei her og det er vi glade for. No kan alle osingar få glede av dei, og nokre kan sjå dei igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.