Lokal | 02. aug. 2019

Eit ordførar- og styringsval

Lesarinnlegg: Os og Fusa går inn i ein krevjande periode. To skal bli til éin, og vi skal skapa ein framtidsretta, moderne og slagkraftig kommune. Det krev god politisk leiing og styring frå dag éin.

Eit ordførar- og styringsval
Espen Aspenes, her i Os kommunestyre i september 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. aug. 2019 09:49

I Os har FrP og Høyre i 20 år vist kva eit stabilt og styringsdyktig fleirtall kan skape av resultat. Tenestene er gode, nye tilbod er etablert, kommunen er i vekst og økonomien er bunnsolid - utan ei krone i eigedomsskatt.

I år vart kommunen rangert som nr. 6 på Kommunebarometeret, og var klårt best av Hordalandskommunane.

Dei siste åra har vi hatt eit udisponert overskot på om lag 50 mill kroner, og p.t. er har eit opparbeidd fond på ca 600 mill kroner. Dette kjem ikkje av seg sjølv. Det krev god leiing, gode strategiske vegval og godt samarbeid mellom politikk, administrasjon og tillitsvalde.

Eit fast politisk fleirtal med FrP/H har gjeve føreseielege rammer for utviklinga av kommunen.

Vi vonar at de veljarar også ynskjer stabil og handlekraftig styring i nye Bjørnafjorden kommune. Det krev eit tydeleg politisk fleirtal i det nye kommunestyret, og ei politisk leiing med erfaring og kompetanse. Skal for mange parti, med ulik politisk ståstad, samarbeida vert retninga fort utydeleg.

I FrP er vi no klare til å skapa vekst og utvikling i HEILE Bjørnafjorden kommune. Utgangspunktet er godt både i Os og Fusa, men som i alle andre samanhengar er resultata for den nye kommunen personavhengig. Vi treng dyktige topp- og mellomleiarar i administrasjonen, gode tillitsvalde og myndiggjorte og kompetente medarbeidarar i alle ledd. Alt dette har vi på plass i den nye organisasjonsstrukturen for Bjørnafjorden kommune.

Men vi treng òg eit stabilt politisk fleirtal, og ei politisk leiing med erfaring, kompetanse og nettverk.

Terje Søviknes har gjennom 20 år som ordførar i Os allereie vist solid leiarskap, og resultata er synlege rundt i heile kommunen. Terje og FrPs motto har vore HANDLEKRAFT. Alle er sjølvsagt ikkje like nøgd med alt som har vore gjort gjennom 20 år, men i sum er resultata strålande.

Vi håper du vil støtta Terje Søviknes som ordførar også i Bjørnafjorden kommune. Då må du stemma FrP lokalt. Det er partistemmene som tel, og ei personstemma er diverre ikkje nok.

Stem trygt i år. Stem FrP og Søviknes lokalt!

Godt val 9. september!

PS! Husk at førehandsrøystinga allereie er i gang på rådhusa.

Espen Aspenes
3. kandidat Bjørnafjorden FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.