Kultur | 09. sep. 2010

- For eit publikum!

Ståande applaus, jentesukk frå salen og ein osing som tok av på scenen. Sjå Richard Myhre Gåssand gå vidare i X-factor på TV2 her.

- For eit publikum!
Andris Hamretorsdag 09. sep. 2010 18:20

- Det var nesten fullt i den store salen så det var litt av eit kick å gå på scenen, fortel Richard.

Vokalisten leverte ein overbevisande versjon av song Nickelback-låta «How You Remind Me», og responsen frå publikum var så god at det påverka framføringa.

- Eg slepp meg litt laus når folk klappar med på den måten.

Også dommarpanelet kommenterte at Richard «slepp laus eit villdyr» på scenen.

- Men det var ein lang dag. Vi møtte i 8-tida om morgonen fordi eg trudde eg skulle på scenen mellom 9 og 10. Først i 15.30-tida var det min tur.

Med seg hadde han mamma, søstera Gina Victoria og ein fetter. I tillegg møtte Richard ein tidlegare klassekamerat som heldt han med selskap.

- Det blei nokre timar med Playstation, som dei hadde rigga opp til dei som venta.

Richard gjekk vidare og har allereie vore og spelt inn neste runde. Korleis det gjekk har han ikkje lov til å fortelja.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.