Fotball | 22. juli 2010

Eksotisk på Kuventræ

Oppvarming til Norway Cup: Måndag skal jentelaget til Os spela venskapskamp mot Nsumba barneheim frå Uganda.

Eksotisk på Kuventræ
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. juli 2010 11:01

Måndag klokka 12 startar kampen mellom eit samansett Os-lag og jenter frå Uganda.

- Vi har ein del spelarar på ferie, så vi stiller med jenter i tre årsklassar, 94, 95 og 96, i tillegg låner vi nokre spelarar frå Søfteland, fortel Os-trenar Ragnhild Eide.

Jentene frå Nsumba har vore i Noreg og på Norway Cup tidlegare, men dette er første gong dei speler fotball på Os.

- Vadmyra er som tidlegare år vertsskap for Nsumba-laget, men osingen Tove Tvedt Skarstein, som blant anna har engasjert seg med innsamling til jentene og barneheimen, spurte om vi ville møta dei til kamp.

- Spelarane mine gler seg, det blir spennande å møta eit lag vi ikkje veit noko om frå før, og å møta spelarane til litt sosialt samkvem etterpå.

Etter kampen skal spelarane på begge lag samlast, først på Osbadet, så på Peppes Pizza.

www.bringchildren.com kan du lesa meir om barneheimen Nsumba.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.