Lokal | 05. jan. 2011

Ekstremt glatt

Kommunen åtvarar mot ekstremt glatte vegar og gangvegar.

Ekstremt glatt
Andris Hamreonsdag 05. jan. 2011 10:31

Haldor Fosse, teknisk sjef i Os kommune, åtvarar mot ekstremt glatte tilhøve på vegar og gangvegar i dag onsdag.

- Vi har alt materiell ute, men strøsand og salt regnar vekk før det får full effekt, seier Fosse.

Han ber folk ta omsyn til naturkreftene og sikra seg som best dei kan.

- Både folk og bilar må vera skodd etter tilhøva, avsluttar Fosse meldinga.

Ringer nesten dagleg
Ein av stadane det er glatt i Eidsvegen i Hegglandsdalen. Ein av beboarane langs vegen fortel til midtsiden at det mest ikkje er råd å koma seg ned til hovudvegen på grunn av glatta.

Ho er ikkje spesielt nøgd med kommunen sin innsats og fortel at dei nesten kvar dag har måtte ringe kommunen for å be dei koma.

- Vi gjer så godt vi kan med det utstyret og mannskapet vi har. Vi skulle gjerne gjort det betre, men med dei tilhøva som er no, så må nok folk berre akseptere at det kan ta noko tid til vi rekk nettopp den vegen dei er opptatt av, seier Fosse.

Han fortel at dei i dag har hatt 2-3 mann berre til å svara på henvendingar frå publikum som etterlyser strøing.

Jobbar etter ei prioriteringsliste
Kommunen sine folk arbeidar etter ei prioriteringsliste satt opp frå førre vinter.

- Etter kvar sesong går vi gjennom lista og ser om vi skal prioritera annerleis neste sesong. Det er ikkje slik at prioriteringa er den same i 50 år. Vi prøver å ta hensyn med bakgrunn i dei meldingane vi har fått inn gjennom sesongen, avsluttar teknisk sjef Haldor Fosse.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.