Næringsliv | 18. juli 2017

Ektepar frå Shanghai opnar restaurant i Brugata

Wen og Zhang opnar «Rice Restaurant» i september.

Ektepar frå Shanghai opnar restaurant i Brugata
Wen og Zhang leiger 190 kvadratmeter på gateplan. (Skisse: Stracon)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. juli 2017 19:46

Bildeserie:

Lokalet skal vera ferdig 1. september. (Foto: KVB)
Lokalet skal vera ferdig 1. september. (Foto: KVB)
Restauranten får rundt 50 sitjeplassar. (Skisse: Stracon)
Restauranten får rundt 50 sitjeplassar. (Skisse: Stracon)
1 av 2
Lokalet skal vera ferdig 1. september. (Foto: KVB)
Restauranten får rundt 50 sitjeplassar. (Skisse: Stracon)

Som kjent er ein restaurant under bygging på gateplan i Brugata. Fredag 1. september skal lokalet vera klar til overtaking.

– Dei som bygger er framfor skjema og vi har nok lokalet klart for leigetakar før den tid, seier huseigar Espen Aspenes.

Leigetakar er Wen & Zhang AS, eit selskap eigd av ekteparet Lei Zhang og XiaoBo Wen.

– Vi skal flytta til Os i august og opnar ein gang i løpet av september, seier Lei Zhang.

Opningsdato er førebels ikkje bestemt. Namnet på kinarestauranten blir «Rice Restaurant».

190 kvadratmeter

Det var i desember 2014 at Aspenes-brørne Espen og Knut Jarle sitt selskap, Os Næringspark AS, kjøpte «bank-eigedomane» på til saman 2222 kvadratmeter.

Restauranten blir bygd delar av lokalet DNB hadde saman med heile lokalet der det tidlegare har vore både frisørsalong og interiørbutikk.

Gjestane skal bli servert der Nordisk Rom heldt til, mens kjøkkenet blir, som hos iSushi, i det som tidlegare var eit bankhvelv.

Til saman leiger restauranten 190 kvadratmeter og får sitjeplassar til rundt 50 gjestar.

Via Lillehammer og Bergen til Os

Lei og ektemannen XiaoBo kjem frå Shanghai i Kina. Ho har hovudfag i økonomi og data, han er utdanna kokk og har jobba innan faget sitt i nesten 30 år.

– Han flytta til Lillehammer i 2009, der han jobba på ein kinarestaurant til han i 2012 fekk tilsvarande jobb i Bergen, fortel Lei.

I fjor sommar starta dei førebuande arbeid for å opna eigen restaurant i Os.

– Det er tre grunnar til at vi bestemte oss for å opna restaurant i Os. Vi har ein veldig god ven frå Os som meinte vi burde opna her, og som har vore veldig hjelpsam - vi har inntrykk av at osingar er glade i kinesisk mat, men kjenner til at det er ei stund sidan sist bygda hadde kinarestaurant - og vi har blitt veldig glad i Os, både naturen og alle dei hyggelege menneska vi har møtt då vi har besøkt Os.

– Vi ønskjer å tilby gjestane våre eit komfortabelt miljø, god service, deilig mat. Vi vil òg tilby take-away, og populære kineiske og asiatiske rettar, og vi ser veldig fram til å opna.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.