Kultur | 02. mai 2023

Elev fann dolk frå steinalderen

Midt på skuleplassen på Os barneskule fann Elise (8) ein veldig fin stein. Det skulle vise seg å vere eit reiskap laga av menneske for meir enn 3700 år sidan.

Elev fann dolk frå steinalderen
Dolken er om lag 12 cm lang, laga i flint og er truleg frå yngre steinalder. Flint finst ikkje naturleg i Noreg, og dolken kan difor stamme frå Danmark. Dolkar av denne typen blir som regel funne som offerfunn og er difor spesielle. (Foto: Vestland fylkeskommune)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. mai 2023 09:04

– Steinen er ein vakker flintdolk frå yngre steinalder, fortel arkeolog Louise Bjerre Petersen i Vestland fylkeskommune i ei nyhendemelding frå Vestland fylkeskommune.

– Det er ein utruleg fin dolk, som er veldig sjeldan å finna.

Feltleiar Louise Bjerre Petersen og prosjektleiar Øystein Skår frå Vestland fylkeskommune viste ferske funn på Kobbavågen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògArkeologar har gjort fleire funn i Kobbavågen

Skulen gjorde alt rett

Ungane var ute og leika i eit friminutt då Elise fann den spesielle steinen.

– Eg skulle plukke opp ein glasbit, og så låg steinen der. Den var fin, fortel ho.

FANN DOLKEN: Elise var ute og leika då ho fann det ho tykte var ein fin stein mellom dei store steinane på skuleplassen. Då ho synte steinen til lærarane, skjønte dei raskt at dette var ein spesiell gjenstand. (Foto: Vestland fylkeskommune)
FANN DOLKEN: Elise var ute og leika då ho fann det ho tykte var ein fin stein mellom dei store steinane på skuleplassen. Då ho synte steinen til lærarane, skjønte dei raskt at dette var ein spesiell gjenstand. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Lærar Karen Drange skjønte med ein gong at dette var ein ekte gjenstand, og at ho måtte ta kontakt med fylkeskommunen.

Skulen leverte dolken raskt inn til Vestland fylkeskommune, og arkeolog Petersen roser skulen for å ha gjort alt rett då den spesielle steinen dukka opp.

– Skulen handterte dette etter boka. Når ein finn ting eller spor etter førhistorisk aktivitet, skal det meldast inn til fylkeskommunen. Vi tek imot gjenstanden og samarbeider deretter med universitetsmuseet om saka vidare, seier ho.

Blir brukt i vidare forsking

Vestland fylkeskommune og Universitetsmuseet har saman undersøkt funnstaden på skuleplassen på Os. Funnstaden vart graven ut for å sjekke om det kunne liggje fleire funn i same område.

– Vi fann verken fleire gjenstandar eller spor etter steinalderen akkurat her, men dolken Elise fann er nokså unik. Han vil bidra til den vidare forskinga på steinalderen på Vestlandet, seier Petersen.

Alle funn i Vestland blir leverte inn til Universitetsmuseet i Bergen. Der blir dei katalogiserte og brukte i forsking og formidling.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.