Elisabeth er nominert til årets fotballfrivillige
Neste steg, avstemming: Elisabeth Nedrelid frå Os Fotball er ein av 16 finalistar i kampen om å bli Årets fotballfrivillig 2025.


Elisabeth har vore ein sentral og uunnverleg del av klubben i nesten ti år, men sjølv om nominasjonen er stor stas, trivst ho best i bakgrunnen.
– Kva tenker du om nominasjonen?
– Audmjuk, kjem det frå Elisabeth etter ein tenkepause.
– Og litt skrekkslagen. Eg trivst best bak i kulissane, å organisere og få ting til å gå rundt, men så plutseleg står ein der framme, midt i lyset.
Elisabeth har hatt ei nøkkelrolle i Os Fotball, særleg som arrangementsansvarleg.
Ho planlegg og gjennomfører alt frå barnehage-VM til store cuphelger, og sørgar for at kiosken open frå morgon til kveld når det er aktivitet på Kuventræ.
Ho er kjent for sitt store smil, gode klemmar og ikkje minst sitt varme hjarte.
– Det er stort å bli nominert, og det å vere frivillig i Os Fotball er ei stor glede, seier ho.
– Det er eit fantastisk miljø mellom tilsette og frivillige, og eg har meir å bidra med utanfor, enn på banen, seier ho lattermildt.
Ho vil òg løfta fram at ho er nominert saman med 15 andre flotte og dyktige kandidatar.
– Ho er eineståande
OBOS står bak kampanjen Årets fotballfrivillig, som skal hedre dei som legg ned ein ekstra innsats i norsk fotball. Over 300 kandidatar vart nominert, og no er 16 handplukka ut som finalistar.
– Frivillige er heilt avgjerande for at klubbane kan tilby aktivitet til barn og unge, og for at alt skal fungere på kampdagar, seier Eddie Chr. Thomas i OBOS.
– Kva tenker du om at Elisabeth er nominert?
– Eg tenker at er det ei som som fortener å bli året fotball frivillig i Norge så er det Elisabeth, seier Endre Brenne, dagleg leiar for Os fotball.
– Ho er eineståande, raus, varm og god med heile fotballmiljøet på Kuventræ. Ikkje minst er ho drivande dyktig i alt ho foretar seg. Eit forbilde for oss alle i veremåte og vesen, seier Brenne.
Han oppmoda alle i fotballfamilien og Bjørnafjorden om å stemme på Elisabeth.
– Det er ei stemme for frivillige, og ei stemme for dei som bryr seg om at idretten skal vere god plass å vere for alle.
Avstemminga startar no og varer til torsdag 20. november.
For å lesa heile nominasjonen om Elisabeth, kan du trykke her.








