Sport | 04. des. 2023

Elise Bos (13) slo førre norske aldersrekord med 8 cm

Fire utøvarar frå Lysekloster var fleire turar på pallen i Fana. Samtidig blei det sett rekordar.

Elise Bos (13) slo førre norske aldersrekord med 8 cm
Elise Bos hadde tre hopp som var lengre enn førre norske rekord. (Foto: Lysekloster il)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 04. des. 2023 09:22

Lysekloster il stilte med fire utøvarar i Fana il sine Nisselekene i Leikvanghallen.

Her fekk dei visa kor godt dei har trent etter at sesongen flytta seg frå utandørs til inne.

Både Elise Bos, Elie Eliassen Imai, Kine Eriksen og Lars Magnus Lyngsgård Monsen kom heim med medaljar, opplyser Lysekloster il.

Elise Bos sette dessutan tre kretsrekordar og éin norsk rekord for 13-åringar.

  • Den nye rekorden er på 5,35 meter i lengde. Ho hadde tre hopp som er lengre enn førre rekord, som var 5,27 meter.
  • På 60 meter hekk blei det ny kretsrekord med tida 9,56, nesten eit halvt sekund raskare enn eigen pers frå utandørssesongen. Tida er òg eit tidel sekund raskare enn den beste tida i 13-årsklassen utandørs denne sesongen.
  • I høgde blei det 1,55 meter, også det ny innandørs pers og ny kretsrekord.

Som 11-åring var Elise Bos god nok (men ikkje gamal nok) for U20-NM.

Som 13-åring har ho no klart krava i både lengde og tresteg til senior-NM (hovudmeisterskapen), men må venta tre år før ho fyller 16 og er gamal nok til å delta ...

F.v.: Elise, Elie, Kine og Lars Magnus. (Foto: Lysekloster il)
F.v.: Elise, Elie, Kine og Lars Magnus. (Foto: Lysekloster il)

Kine Eriksen (12) vann 60 meter hekk. 11,09 er ny personleg bestenotering.

Kine vann òg både 60 meter og lengde i J12-klassen.

Elie Eliassen Imai (12) kjempa lenge om andreplassen på 60 meter, men måtte nøya seg med 3. plass.

I lengde blei det ikkje full klaff, men godt nok til 2. plass og ein tur på pallen der òg.

Lars Magnus til topps! (Foto: Lysekloster il)
Lars Magnus til topps! (Foto: Lysekloster il)

Lars Magnus Lyngsgård Monsen (12) vann 60 meter, 60 meter hekk og lengde.

I 60 meter hekk vann han med tida 12,08, som er ny pers.

I lengde hoppa han for første gong over fire meter, då han fekk opp 4,07 meter i siste omgang.

Os Turn stilte med éin deltakar. Ho tok tre 1. plassar.

Synne Hjertaker (15) vann 60 meter på tida 8,70 og 60 meter hekk på tida 9,73.

Ho stakk òg av med sigeren på 200 meter med tida 28,35.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.