Kultur | 14. nov. 2019

Elliot Harvey Firestone er død

75-årsmarkeringa i Os får internasjonal merksemd. Den siste overlevande gjekk bort i går, 97 år gamal.

Elliot Harvey Firestone er død
Elliot Harvey Firestone vart 97 år gamal. (Foto: RCAF/ privat) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 14. nov. 2019 12:33

I går kveld vart det kjend at Elliot Harvey Firestone døydde i Victoria, Canada. Firestone vart 97 år gamal, og han var den siste gjenlevande frå det kanadiske flymannskapen som måtte naudlanda på Haugland 26. september 1944.

Heile historia i detalj

Firestone vart saman resten av mannskapen transportert rundt i bygda og halde gøymd i Os og Samnanger før dei tidleg i oktober vart transporterte til Shetland av Leif Andreas Larsen, mest kjend som «Shetlands-Larsen».

No er dei alle vekke

Bjarne Øvredal frå Os Sogelag, som var initiativatakarane og ein av arrangørane av den siste markeringa, synest det er trist at Firestone no er død.

– No er det ingen att frå flymannskapen, og det er sjølvsagt spesielt å tenkja på. Firestone vart heile 97 år. Dei siste åra var han prega av Alzheimer, men han var lenge den som var mest aktiv på å halda kontakten med miljøet her i Noreg.

Firestone var òg ansvarleg for å skriva rapporten «Six sacks of potatoes».

– Han har vore på fleire av dei tidlegare markeringane, og rapporten hans er saman med nedskrivingane til Jacob Hjelle, dei beste historiske dokumenta vi har frå hendingane i 1944.

Internasjonal merksemd

Øvredal fortel at 75-årsmarkeringa i Os oktober vart særs vellukka, og at det har vore ein jamn straum med gode tilbakemeldingar i etterkant.

– Vi landa på budsjett, og no jobbar vi med å sortera og arkivera bilde- og videomateriale frå helga. Mellom anna skal tre dagar med video redigerast og etterkvart sendast det kanadiske flyvåpenet, RCAF.

– Å dokumentera denne helga er òg ein viktig del av historia. 75 år sidan er på mange måtar lenge sidan, men samstundes er det ikkje det. Å kunna visa kva det betyr å markera og minnast dramatiske hendingar er heilt klart ein viktig del av eit større bilde.

Markeringa i Os vekkjer òg internasjonal interesse utanom dei rundt 50 kanadiske gjestane som deltok.

• Sjå Global News (video) si dekking av markeringa, og les kva flyavisa Skiesmag og det kanadiske flyvåpenet skriv om jubileet.

Medlemmar av Botnahyttas Venner på Facebook kan sjå ei samling av endå fleire omtaler og bilde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.