Ladestasjonen for elsyklar er klar og i drift hos Spar Nore Neset. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Elsykkelsatsing på Nore Neset

– Dette er kanskje starten på tilsvarnde tilbod som dei har i Tyskland, seier Paul Drageset.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag 12. april opna Spar Nore Neset i Kloppamyra, same dag bestilte kjøpmann Siv Grindevoll ei utviding frå to til seks kassapunkt, dei siste fire av sjøvbetjent sort.

Les òg: Strålande opningsfest hos Spar

– Dei første månadane har vore over all forventing! Det fine vêret har nok vore medverkande, men allereie før den varme maimånaden kom så såg vi at butikken er godt mottatt, seier Grindevoll.

Det var litt ventetid på kassane, men torsdag var dei i drift.

No er det også full sving i noko som blei bestilt før opning, ladestasjon for elsykkel.

Først i Noreg?

«– Slike burde vi få også i Norge» skreiv DinSide.no i fjor sommar. 

Det var snakk om ladestasjonar for elsykkel, som etterkvart er utbreidd blant anna i  Tyskland, men som førebels skal vera mangelvare her heime.

Hos Spar Nore Neset har både Drageset-familien som eig bygget og sykkelspesialistane på motsett side av vegen, hovudkontoret til Sport Norge-kjeda, vore med på notene.

– Spar Nore Neset er lokalbutikken til mange i området, og vegen til og frå er flat og fin. Vi tenkte at dette kunne bli ein fin plass å sykla til, samtidig var Drageset veldig begeistra.

– I Noreg i dag er det liten grad av standardisering, men vi håper å ha forskjellige ladertypar som dekker ca 70 % av dei ulike typane av elsyklar. Etterkvart håper vi det kjem meir standard for ladarar og at det også kjem hurtigladarar, sånn det er for elbilar, seier Paul Drageset.

– Kanksje kjem det eit heilt nett av slike ladestasjonar, slik det er i Tyskland, Sveits og Nederland. Då blir det mogleg å reisa på lengre turar med elsykkel. Ladestasjonen hos Spar Nore Neset er forhåpentligvis starten på dette.

Køyrer elsykkeldemo ved butikken

Samarbeidspartnar Sport Norge fortel om framleis stor vekst, og noko breiare marknad for elsykkel.

– Utvalet og kvaliteten går opp, prisane går ned. Målgruppene er dessutan fleire, seier Sport Norge-gründer Jan Frode Skeie.

Først var det dei som gjerne trengte litt motorassistanse somkjøpte elsykkel, så kom dei som bruker sykkelen til transport til og frå jobb. 

– No er det òg over på mosjon og sport, den elektriske motoren kan gi passeleg med assistanse i ein del treningssituasjonar.

Torsdag etter lunsj vil Sport Norge stilla ut ved butikken med ulike typar elsykkel som folk kan testa og sjå nærmare på.

Fleire saker