Næringsliv | 19. mars 2009

Elvebakken er selt

Eit firma i byggebransjen, i sterk vekst, har kjøpt næringseigedomen ved Byvegen.

Elvebakken er selt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. mars 2009 10:43

Det kvite murhuset i Elvebakken har skifta eigar ein del gongar sidan fotografane Kjerstin og Steinar Jensen la ned på Os og selte lokalet sitt.

Tysdag teikna ny eigar kontrakt.

- Eg har sett etter kontorlokale ei stund, og slo til på fredag. Tysdag teikna vi kontrakt, seier Gudmund Fløysand frå Fløysand Tak AS.

Gudmund har som faren Peder lang fartstid i bransjen. For nokre år sidan selte Peder selskapet Fløysand Tak AS til Icopal, og Gudmund blei avdelingsleiar hos ny eigar.

- Men så gjekk klausulen for å starta opp igjen ut, og eg ville byrja for meg sjølv igjen, seier Gudmund, som i februar 2008 starta opp igjen med éin tilsett utanom seg sjølv.

Selskapet hans har same namn som firmaet faren selte. nut Ekerhovd og Jan Tore Grindheim er med på eigarsida med 20 og 15 prosent av aksjane.

- Vi auka på i løpet av fjoråret, og har no 13 tilsette og mykje arbeid i tida som kjem. Oppdraga kjem frå både private, bedrifter og til offentlege bygg.

Når han no overtar bygningen i Elvebakken flyttar han heimekontoret sitt ut.

- Det blir ein del kveldsarbeid, så det skal bli godt å skilja privatlivet litt meir frå jobben. Samstundes får vi plass til litt lager og ein stad å ta imot kundar.

Huset, som er på til saman 180 kvadratmeter, skal også pussast litt opp.

- Taket er dårleg, så det skal vi i alle fall skifta, seier Fløysand og ler.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.