Sport | 13. jan. 2019

EM-bronse til Sverre!

I VM vil han gi nederlendarane kamp om gullet.

EM-bronse til Sverre!
Sverre, her saman med trenar Bjarne Rykkje. (Foto: Douwe Bijlsma)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 13. jan. 2019 19:34

Allround-EM og allround-VM er dei to store måla for sesongen for Sverre Lunde Pedersen.

I fjor hadde han VM-gullet i si hole hand til han ramla på 10.000-meteren og måtte nøya seg med sølv.

I dag sikra han seg sin første EM-medalje.

Etter 3. plass på 500, 5000 og 1500 låg han òg på 3. plass samanlagt før 10.000-meteren.

Tok medalje med god margin

Sven Kramer og Patrick Roest gjekk nesten ti sekund raskare i siste par, i tillegg var ein tredje nederlendar, Douwe de Vries, raskare på den lengste distansen.

10.000 meter:
1. Patrick Roest 13.26,458
2. Sven Kramer 13.26,887
3. Douwe de Vries 13.35,872
4. Sverre Lunde Pedersen 13.36,143
5. Håvard Bøkko 13.43,261

Men 4. plass heldt med god margin til bronse samanlagt.

Pedersen gjekk i par med Bøkko, som tok 4. plass samanlagt.

Går for gull i Calgary

– Eg er nøgd med helga og med medaljen! seier Sverre til Bergens Tidende.

VM er i Calgary 2. og 3. mars. Sverre er ofte best i slutten av sesongen, og trur han kan gi nederlendarane endå hardare kamp om gullet i neste meisterskap.

I mellomtida er det verdscup i Vikingskipet (1. til 3. februar) og VM enkeltdistansar i Inzell 7. til 10. februar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.