Kultur | 22. aug. 2011

The End - in progress

Haustens opningsframsyning i Oseana, The End - A Gentle Reminder er framleis ikkje ferdig utforma.

The End - in progress
Andris Hamremandag 22. aug. 2011 07:22

Det blir lange dagar når innhaldet skal utformast og prøvast. Fredag var det ein ny scene som blei testa, diskutert og justert.

- Vi fekk lyst til å gjera noko meir ut av det som sålangt har vore kalla den mekaniske dansen, så det er den vi freistar å få på plass no, fortel regissør Vibeke Havre då Midtsiden.no er innom.

Øvinga held fram, med prøving, feiling og justeringar. Men ikkje slik ein skulle tru at regissøren seier kva som skal gjerast av kven, men med innspel og forslag frå alle på scenen i det som for eit utrent auge kan opplevast som kaos.

- Det er nettopp det som er unikt med denne oppsettinga.

- Eg har vore opptatt av å ha med meg dei beste innan sitt felt og la dei vera med på å utforma si rolle og dei forskjellige scenane, fortel Havre som beskriv si eiga rolle meir som ein prosjektkoordinator enn regissør.

To år langt forprosjekt

Framsyninga byggjer på eit to år langt forprosjekt med døden som tema.

- Vi hadde lyst til å utforska dei foreskjellige aspekta med døden og fekk støtte til eit forprosjekt for å utforska dette.

- Hovudformålet var å finne ut korleis vårt forhold til døden påverkar vår måte å leva livet på, forklarar Havre.

Ei framsyning om livet

Sjølv om døden ligg som eit bakteppe og dei har brukt to år på å studera døden meiner Havre at framsyninga blir ei hyllest til livet.

- Det blir masse dans, humor og musikk kor vi ønskjer å la døden sette livet i perspektiv. Vi vil gje ein "Gentle reminder" på det.

- Håpet er at dei som kjem på framsyninga skal sette litt meir pris på livet etter å ha sett framsyninga, smilar regissøren.

- Det einaste som er sikkert i livet er at vi skal dø, men kanskje sett vi for høge krav til oss sjølv i livet. Kanskje er livet litt enklare enn det vi vil ha det til. Det er det vi freistar å få fram i framsyninga.

- Om folk kan gå frå framsyninga med det i minnet og føle seg litt meir levande, så har vi oppnådd det vi ønskjer, forklarar Havre.

Lokale krefter

Sjølv om Havre har fått med seg nokre av dei beste danserane, skodespelarane og musikerane så er det òg rom for lokale aktørar.

- Vi får med oss seks menn frå Os mannskor som skal fungera som eit kor for Heidi-Marie (Vestrheim, journ.anm) og som kommentatorar til framsyninga gjennom enkle ting dei gjer.

- I tillegg er gutta i Lys & Lyd med i teknikken og Varde Film & Media skal dokumentera heile framsyninga for oss slik at vi kan nytte den då vi skal presentere framsyninga for nye spelestader.

- Allereie no planlegg vi ein turné i Noreg og utlandet, men nye spelstader vil ikkje ta ei framsyning usett så jobben til Varde er viktig for oss, forklarar Havre.

"The End - A Gentle Reminder" har premiere fredag 2. september og går med tre framsyninger heile helga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.