Næringsliv | 06. mai 2010

Endå kaldare hos Kakki

Trass i god vekst og glødande engasjement, for Inka AS og Karsten «Kakki» Austevoll gjeld det å halda laksefiletane stabilt kalde.

Endå kaldare hos Kakki
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. mai 2010 07:04

Bildeserie:

1 av 7

– Me har berre hatt éin dag utan produksjon sidan jul. Vinteren, som tidlegare år har vore roleg, er no veldig stabil, seier Kakki.

Med overskot frå første kvartal, fleire tilsette og dobla frysekapasitet går fiskeforedlingsselskapet hans, Inka AS, eit godt år i vente.

23 sortar
Både lokala i Gjelevika på Røttingen og Kakki himself har vore involvert i laks i fleire tiår. Men Inka AS er eit nyare firma, etablert som kvitfiskmottak i 2002, noko selskapet framleis har godkjenningar for å driva med. Men frå så bar det over på foredling av laks og aure. Sidan sommaren 2008 har det gått for fullt med filetering og frysing.

– Fersk, sløgd fisk kjem inn med bil, kort tid seinare er den filetert og pakka, klar for henting. Me produserer til saman 23 forskjellige typar C, D og E-klassifiserte filetar.

Produkta blir også henta med bil, og mesteparten går via Bergen vidare til USA med båt.

Stødig kunde
Selskapet produserer no berre for Seaborn AS, eit firma i vekst, i stor grad eigd av oppdrettarar frå Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Tidlegare leverte me til fleire salsselskap, no har Seaborn blitt så store at me må seia nei til alle andre.

I fjor filterte Inka 2000 tonn, 1600 av dei for Seaborn. I år ønskjer den store kunden at Inka skal filetera 3000 tonn

– Det blir stort sett 8-10 tonn om dagen, eg reknar med at me klarer 2500 tonn i år.

– Ein fantastisk gjeng
2009 var første heile år med foredling som einaste teneste hos Inka. Selskapet omsette for rett over 25 millionar kroner og hadde eit driftsresultat på dryge 2,2 millionar.

– Me har budsjettert med ein omsetnad på 27 millionar kroner i år, noko det ser ut som om me fint kjem til å klara.

Selskapet har auka med 3-4 tilsette til no i 2010, og er med det oppe i 25 tilsette og 23 årsverk.

– Det er ein fantastisk gjeng. Øyafolk, osingar og folk utanfrå kommunen, også utlendingar, med gode rutinar og fin fokus på produksjonen. Om sommaren har me lokal ungdom i sving, det er filetering gjennom heile sommaren.

Best på frys
Saman med engasjerte tilsette og moderne fileteringsutstyr er frys ein viktig del av leveransen frå Inka. Filetar som ikkje blir henta med det same blir lagra på frys. Lageret har plass til 170 tonn fisk, som til dagens pris ville vore verdt 17 millionar kroner.

– Nye investeringar på rundt 700.000 kroner sørgjer for dobla frysekapasitet. No held vi 30 minusgradar uansett, også gjennom sommaren, også om straumen skulle gå eller om eit aggregat sviktar. Me har backup i alle retningar, forsikrar Karsten Kakki Austevoll.

No er det duka for ei travel tid og rundt 20 prosent vekst for det ganske nye foredlingsselskapet i Gjelevika.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.