Endeleg heimekamp
Handballdamene til Os starta sesongen med fire bortekampar. Sundag er det endeleg tid for oppgjer i Oshallen.


Sundag (13.30) spelar handballdamene til Os sesongens første heimekamp. Sesongen starta med fire bortekampar, noko jentene har takla bra; 6 poeng er ein god start.
Motstandar sundag er Fana, som stiller med dei to tidlegare Os-spelarane Emilie Christensen og Kristine Henriksen Håland.
Også Fana har starta sesongen bra. Etter at de rykte opp til 2. divisjon før årets sesong har dei som Os plukka med seg 6 poeng på dei fire første kampene.
Saman med Stord og Tertnes 2 er Os og Fana del av tetkvartetten i avdelinga.
Herrelaget møter Eid
Damekampen er ikkje det einaste som skjer i hallen sundag, herrelaget spelar mot Eid klokka 11.30 på formiddagen.
Der blir det spennande å sjå om dei klarar å følgja opp den gode starten med 3 poeng etter 3 tette kampar.