Sport | 01. feb. 2010

- Endeleg meir snø!

Eikedalen har ikkje vore like heldige med snøen som vi i låglandet skulle tru, men 40 nye centimeter i helga var til stor hjelp.

- Endeleg meir snø!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. feb. 2010 14:28

- Det kom snø her òg før jul, men det meste blåste vekk. Fleire har vore overraska når dei har kome opp her og sett at det ikkje er særleg mykje meir snø her enn i Bergen eller Os, seier dagleg leiar ved Eikedalen Skisenter, Fredrik Tønjum.

Eikedalen hadde sesongstart på julaftan og har sidan hatt lite snø i løypene. Samstundes har besøkstala vore ganske gode, noko som har ført til at dei løypene og traseane som har vore opne har blitt oppkjørte og avskrapte.

- Men så kom det endeleg meir snø. Først fekk vi fuktig snø i veka, ein ideell såle oppå den gamle snøen, og natt til sundag kom 40 centimeter pudder.

Det meste er ope
Dei siste vekene har Eikedalen tatt avstigingane på heisane stadig lengre ned, no kan dei opna alle heisane utanom fjellheisen og stolheisen.

- Det er framleis for lite snø til at vi kan kjøra maskinene opp på toppen, men no startar vi med å jobba oss utover fjellsidene så får vi sjå om ikkje vi snart får nok til også å opna på toppane.

Vekst i 2009
Skibussen frå Os slutta i år å kjøra til Eikedalen, bortsett for grupper og planar om noko organisert kjøring i vinterferien.

- Det er synd at ikkje det lenger var grunnlag for skibuss frå Os. Men vi har bra med trafikk frå skibussar frå Bergen.

Både Voss og Voss Fjellandsby hadde vekst frå 2008 til 2009. Men det hadde også Eikedalen, kan Tønjum fortelja.

- Men no har vi to år på rad tapt pengar på at vi i starten ikkje har kunna hatt den mest populære løypa vår, Bergensløypen, open. Så til sommaren skal vi legga rør til toppen av Tvillingtrekket, og jamna traseen, så vi kan produsera snø lengre oppe og kjøra løypemaskina i trekket tidlegare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.