Endeleg nettkjenning til Os
... men to mål av Kanestrøm var ikkje nok til å ta poeng borte mot Fyllingsdalen.
Os starta sesongen med å skåra 12 mål på tre kampar. Så kom to 2-0-tap på rad før dagens møte med Fyllingsdalen.
Fyllingsdalen tok fem poeng meir enn Lysekloster i 2. divisjon i fjor, men hamna på 8. plass og rykte ned.
I dag blei det nettkjenning på Os igjen, og 1-1 til pause, men for mange baklengsmål til at det blei poeng.
– Eg føler vi starta best og skapte mest, også etter at vertane sette inn 1-0 i 9. minutt, seier tomålsskårar Erik Kanestrøm.
Fyllingsdalen - Os 4-2 (1-1)
Målskårar, Os: Erik Kanestrøm
Os: Andrew Todd - Knut Spangelo Haga, Divaldo Cardoso, Endre Brenne (Simon Søvik), Ole Martin Lekven Kolskogen - Marius Mikkelsen, Erik Kanestrøm, Rafael Villén - Glenn Krossøy (Steffen Ljosheim), Anders Havsgård (Biko Brennan) og Torgeir Lunde.
Kanestrøm sette utlikna på straffe i 42. minutt. Fyllingsdalen tok leiingaog gjekk opp i 4-1 før Kanestrøm, fire minutt på overtid, fekk ei pasning av Steffen Ljosheim og reduserte til 4-2.
– Eg føler at vi slurva både på 1-0 og 2-1. 3-1 kom på straffe, 4-1 etter misforståing mellom forsvar og keeper. Det er vanskeleg å vinna fotballkampar når du slepp inn 2-3 mål i kvar kamp.
I dei to første serierundane, som enda med uavgjort 2-2 og siger 3-5, låg Os under med to mål før dei byrja å skåra.
– Samtidig kan vi bli betre å skåra i forhold til sjansane og overtaket vi har i banespelet. Vi var nære på mange gongar mot Varegg i førre runde, og vi slit framleis med utteljing i dag. Vi fekk eingod prat etter kampen i dag, der alle fekk seia sitt, og er innstilte på å snu denne trenden.
Os, som på tre kampar har gått frå 1. til 9. plass på tabellen, har fleire tøffe kampar i vente. Den neste er mot Sotra, på heimebane laurdag om ei veke.