Den forrige utstillinga i Galleri Hvelvet i Oseana var med to nyutdanna kunstnarar frå Kunstakademiet. Dei to kvinnene driv med installasjonskunst, og utstillinga i Hvelvet var deira andre utstilling.
– No går vi heilt i andre enden av skalaen med utstilling av den erfarne kunstnaren Bjarne Svanøe sine måleri, fortel Marianne Gathe, kurator i Oseana.
22. november opnar utstillinga som kjem til å halda fram til jul.
Svanøe er busett på Svanøy i Sogn og Fjordane og er ein av få nolevande kunstnarar som Griegsamlingen har kjøpt inn verk av til samlinga si.
Frå natur til musikk
– Griegsamlinga rommar no 410 verk, få av desse er av nolevande kunstnarar, så det er spesielt i seg sjølv.
Sidan debuten i 1993 har Svanøe hatt mange separat- og kollektivutstillingar over heile landet. Stilen hans er energisk og koloristisk og motiva hans varierar frå storslåtte naturlandskap til meir intime snapshots frå gateliv og klubbscener.
– Han har fleire store måleri som blant anna er frå musikkscena i New Orleans og som han er viden kjent for, fortel Gathe.
– Motiva hans er noko folk kan kjenna seg igjen i, og det blir ei flott utstilling å ha no før jul.