Lokal | 22. juni 2009

Engevik med englevakt

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. juni 2009 09:23

Magnus Engevik jobbar på Os Byggsenter når han ikkje er på skule, og fredag var han både uheldig og heldig då han skulle hjelpa ein kunde med å lasta ein bil.

- Ein planke stakk for langt ut til at han fekk lemmen opp, så eg måtte halda den opp frå lasteplanet. Bommen kom raskare enn eg hadde trudd, så eg fekk armen i klem mellom sidekarmen og lemmen, fortel Magnus.

Med armen i klem kom smertene, og Engevik såg ikkje lyst på dei komande månadane på golfbanen. Så lausna det, men berre for å smella lemmen opp på nytt. Golfaren klarte å dra armen ut, men ikkje raskt nok til å unngå å få armen i klem ein gong til.

- Eg reiste til legevakt og tok røntgen. Heldigvis var det ikkje teikn til brot, men armen er blå og hoven, seier Magnus.

Måtte stå over turnering
Han måtte droppa lagturnering på Bergen Golfklub laurdag, men håpar på å bli klar til Tour Hordaland på Voss til helga som kjem.

- Eg har gjort det sånn nokolunde bra i Tour Hordaland til no, og håpar eg blir speleklar til helga. Førebels kan eg ikkje slå, så det får bli puttetrening på meg no dei første dagane.

Første gong
Dagleg leiar ved Os Byggsenter, Eivind Hodneland, seier dei ikkje har hatt liknande uhell før.

- Vi har grundig opplæring av våre tilsette, blant anna på saga, som er mykje i bruk. Men lasting av bilar, som vi også ofte hjelper kundane med, må vi kanskje få skjerpa opplæring og rutinar på, seier Hodneland.

Engevik er sjukmeldt ut veka. I august skal han i uniform for å ta førstegongstenesta si i Hans Majestet Kongens Garde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.