Lokal | 25. feb. 2015

Enorm lyn-auke

Talet på lyn-nedslag i Os dei siste 10 åra har auka formidabelt. Frå eit snitt på 100 i året slo lynet ned over 800 gongar i 2014.

Enorm lyn-auke
Talet på lyn-nedslag i Os, som her over Moberg, har auka kraftig dei siste åra (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 25. feb. 2015 13:19

I samband med at tenesteutvalet lurte på kva som var grunnen til at vasstrykket stadig forsvann i Lysefjorden i januar kunne teknisk sjef, Marianne Kramer, fortelja om oppsiktsvekkande tal på lyn-nedslag i Os.

– Eg har vore i kontakt med SINTEF som registerar lyn-aktiviteten i heile Noreg.

– Dei kunne fortelja at i frå 2004 til 2011 så låg talet på omlag 100 per år.

– I 2012 og 2013 auka det til 2000, medan vi i 2014 hadde over 800 lyn-nedslag i Os.

– Berre i løpet av januar i år har vi hatt 150 registrerte lyn-nedslag, fortalde Kramer.

Automatikken slår ut

Den høge aktiviteten påverkar straumnettet, noko som igjen gjer at automatikken ved Søvik Vassverk ikkje heng med.

– Når det slår ut automatikken på den måten må vi manuelt re-setta den.

– VI har beredskap på det og har vore ute både natt og dag for å starta det opp att, men diverre kan abonnentane oppleva at vatnet forsvinn.

– Vi jobbar med å finna løysingar som hindra at automatikken slår seg ut, forsikra Kramer.

Rekordmange skader

Det er ikkje berre kommunen som merker den høgre aktiviteten av lyn. Også forsikringsselskapa fortel om rekordmange skader.

– Erstatningsutbetalingane i 2014 meir enn dobla seg samanlikna med året før.

– I Hordaland betalte vi ut rekordhøge 26 millionar kroner i fjor etter 1130 registrerte skader som følgje av lyn, fortel Arne Voll, informasjonssjef i Gjensidige.

Mange manglar vern

Dei fleste skadane kjem på elektrisk utstyr som PC-ar, routere, kjøleskap, frysarar, TV og stereoanlegg.

– Det viktigste folk kan gjera er å sikra seg.

– Overspenningsvern i sikringsskapet i tillegg til pluggvern foran fintfølande elektronikk er det viktigaste, seier Voll, som legg til at pluggvernet bør vera forsikringsgodkjent for at ein skal vera trygg på at det fungerar optimalt.

Ta ein el-sjekk

Informasjonssjefen rår òg folk til å få kontrollert det elektriske anlegget sitt.

– Kvar gong ei overspenning rasar gjennom elektriske installasjonar vil ledningar, kontakter og koblingsboksar bli svekka.

– Når ein då nyttar straum for fullt om vinteren, så kan dette føra til brann veker eller månader etter at anlegget blei utsatt for overspenning.

– Difor rår vi alle til å få kontrollert det elektriske anlegget sitt no, avsluttar Voll.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.