Sport | 09. juni 2011

Er den stor nok?

Det er ikkje berre hummaren som har minstemål. No deler lensmannen ut informasjon om gamle og nye reglar for fritidsfiske i sjø.

Er den stor nok?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. juni 2011 07:09

Fiskeridirektoratet har fått produsert eit nytt brosjyresett med informasjon om reglar for fritidsfiske i sjø.

– Vi har desse til utdeling på lensmannskontoret, men vi kjem nok òg til å legga dei ut nokre andre plassar der publikum og fiskarar ferdast, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Kystvakten er ofte innom Os. Ser dei om bord i båten din etter at du har fiska er det greit om du har snøring på reglane.

– Vi har éi brosjyre med ganske omfattande informasjon, om alt frå merking av reiskap til omsetnad av fisk. Og så har vi ei kompakt, med minstemål på fleire artar og tekst på fem forskjellige språk utanom norsk.

Nokre minstemål på fisk i sjø:
• Hyse 31 cm
• Torsk 40 cm
• Hvitting 32 cm
• Breiflabb 60 cm
• Kveite 80 cm
• Rødspette 29 cm
• Uer 32 cm

Det er ikkje minstemål på sei, makrell, lange, lyr eller steinbit.

Her er noko av det som er nytt i 2011:
• Det er forbode å fiska pigghå
• I fiske etter torsk er det berre lov å bruka garn med samla lengde på inntil 165 meter.
• Mengda torsk fritidsfiskarar kan fiska for sal er redusert frå 2000 til 1000 kg.
• Frå 1. januar 2012 må botngarn brukt sør for 62 gradar nord ha minste maskestorleik på 126 mm.

www.fiskeridir.no finn du meir informasjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.