Lokal | 24. sep. 2010

Er det din daycruisar?

Politiet fekk i går melding om fall frå stige, burning i Idrettsvegen og påkjørt hjort. I tillegg tok dei hand om ein søkkjande båt.

Er det din daycruisar?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. sep. 2010 07:47

Torsdag morgon fekk politiet melding om eit arbeidsuhell på Lekven.

- Ein mann som sto i ein stige som byrja å gli ramla og slo seg. Han klagde over smerter i hovudet og blei kjørt til legevakt for sjekk, opplyser politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Hjort blei avliva
I 19-tida torsdag kveld blei ein hjort skadd etter møte med bil sør i Os.

Landbrukskontoret blei varsla og hjorten blei avliva.

Burning med BMW
Politiet fekk torsdag melding om burning i Idrettsvegen og på parkeringsplassen utanfor Oshallen.

- Vi fann ikkje syndarane då vi var ute, men har registreringsnummer og kjem til å kontakta bileigar.

Søkkjande båt
Politiet var også ein tur i Kuvågen i går. Der låg ein daycruisar halvvegs under vatn, fortøydd i ein annan båt.

- Vi drog båten nærmare land, så den ligg tryggare. Den hadde ikkje registreringsnummer påmontert så vi har ikkje vore i kontakt med eigar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.