Kultur | 23. juli 2014

Er du ført opp på vaktliste?

Osfest-kontoret på kaien er i full drift, men det er ikkje berre billettsal som er i fokus. – Dei som har skrive seg opp som frivillig bør ta turen innom, seier Hylland.

Er du ført opp på vaktliste?
Tor Egil Hylland framfor festivalkontoret, der han no ber frivillige melda seg så dei får ført seg på rett vaktliste. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. juli 2014 11:13

Bildeserie:

På festivalkontoret får du også kjøpt tskjorter. (Foto: KVB)
På festivalkontoret får du også kjøpt tskjorter. (Foto: KVB)
I går sat Ole Henning Bøe og Tina Bøe Buer på kontoret og organiserte transport for artistar. (Foto: KVB)
I går sat Ole Henning Bøe og Tina Bøe Buer på kontoret og organiserte transport for artistar. (Foto: KVB)
1 av 2
På festivalkontoret får du også kjøpt tskjorter. (Foto: KVB)
I går sat Ole Henning Bøe og Tina Bøe Buer på kontoret og organiserte transport for artistar. (Foto: KVB)

Det er ni dagar til Osfest ser dagens lys og sidan midten av juni har arrangørane hatt base i servicebygget ved Os gjestebrygge.

– Bortsett frå søndag har vi frå torsdag ope kvar ettermiddag og kveld fram til og med festivalen, seier Tor Egil Hylland.

Kontoret sel billettar og t-skjorter, men har også fungert som ein travel informasjonskiosk for dei mange frivillige som skal jobba under festivalen.

Treng 280 personar

Osfest har hatt veldig god oppslutnad, ikkje berre i sponsormarknaden, men i lokalsamfunnet elles med frivillige som vil hjelpa til med ulike oppgåver.

– Vi har 400 i basen, men nokre av dei som ikkje har tid i år, som kanskje vil bidra neste år. Vi treng 280 personar til saman.

– Sjølv om folk jobbar frivillig har dei same rettar i forhold til arbeidsmiljølova, om arbeidstid og pausar. Derfor deler vi opp i fornuftige økter med fleire skift, at ingen jobbar for mykje.

– Vi skal for eksempel ha 45 personar til saman per dag berre i den eine baren. Baren den 20 meter lange hovudbaren, som får 8-10 tappetårn, så då må vi ha solid bemanning.

Kor tid skal DU på vakt?

Hylland seier mange oppgåver er fordelt, men alle avdelinger har ufylte plassar.

– Nokre lister har også, ved enkelte tilfelle når vi har vore ute på stand, blitt ført manuelt og ikkje blitt lagt inn skikkeleg. Derfor har vi ikkje nådd ut til alle.

Han ber frivillige som ikkje veit kor tid dei skal på vakt ta kontakt, eller koma innom på kontoret, for å få ført seg opp og henta ut frivillig-tskjorte.

Full fart frå torsdag ettermiddag

Kontoret har ope torsdag og fredag frå klokka 18, laurdag på dagtid og frå klokka 15 neste veke.

– Det er også ope i perdioar utanom dei faste tidene. Når beachflagga våre står ute er det folk her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.