Episoden skjedde på Esso mens kvinna sto i kø for å kjøpa nattmat etter ein kveld på fest i Os sentrum. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Er knapp med informasjon om rasisme-saka

Stadfestar at saka er meldt.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Søndag kveld fortalte vi om ei utanlandsk, mørkhuda kvinne i Os som fleire gongar har vore utsett for stygge kommentarar og forsøk på å kjøpa sex.

– Den siste tida har det skjedd kvar gong vi har vore på fest på utestadane i Os. Det er utruleg trist for både ho og meg, seier sambuaren.

Natt til vesle julaftan enda det med fysisk konfrontasjon, der både ho og sambuaren hamna i bakken.

– Er under etterforsking

På spørsmål om korleis politiet ser på saka, er svaret kort.

– Vi kan stadfesta at vi har mottatt anmeldelse på forholdet, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

– Har det mistenkte i saka? Etterlyser politiet vitne?

– Saka er under etterforsking. Vi vil førebels ikkje svara på fleire spørsmål.

Skaper mange reaksjonar

Etter at Midtsiden publiserte saka er den til no lest over 3.200 gongar.

Saka er kommentert over 40 gongar, der nokre reagerer med vantru og mange tar tydeleg avstand for det kvinna er utsett for.

Støtteerklæringar kjem og frå andre mørkhuda, som har vakse opp i Os utan å oppleva det same som denne kvinna.

På spørsmål til kvinna og sambuaren i første intervju, om dei var så provoserte av kommentarane at dei sjølv starta den fysiske konfrontasjonen, er svaret kontant; «nei!».

– Alt skjedde så fort, men sånn vi hugsar det blei vi angripe omtrent samtidig, av meir enn éin person.

Fleire saker