Lokal | 11. feb. 2014

– Er så gøy!

Seniortreffet på Oseana ein suksess før første arrangement. – Vi har allereie seldt over 250 billettar, seier Ole-Tobias Lindeberg.

– Er så gøy!
Helge Jordal, her under Trygg i Os, står saman med Harald Dahlstrøm for det kulturelle innslaget (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 11. feb. 2014 12:30

Saman med Senioruniversitetet, Os kommune og GC Rieberfondene inviterar Oseana måndag til det første seniortreffet i Oseanasalen med Bettina Husebø, lege og leiar ved Senter for alders- og sykehjemsmedisin ved universitetet i Bergen som foredraghaldar og Helge Jordal med Harald Dahlstrøm som kulturelt innslag.

– Interessa har vore heilt enorm.

– Det er så gøy, jublar ein entusiastisk Oseanadirektør Ole-Tobias Lindeberg.

Tak på 300

Vel 250 billetter er selde allereie ei veke før arrangementet.

– Vi har faktisk sett oss nøydde til å setja eit tak på 300, så det gjeld å vera om seg om ein ikkje skal gå glipp av dette.

Arrangementet er finansiert med bidrag frå GC Rieberfondene og ein del av det samfunnsansvaret Lindeberg og Oseana ønskjer å ta.

– Det at vi kan bruke huset ein måndag formiddag til eit fagleg foredrag og kulturelt innslag er noko av det eg håpa å få til då eg starta.

– Men det viktigaste med seniortreffa er kanskje det sosiale.

– Vi ønskjer å vera ein møteplass i tillegg til å gje eit kvalitativt godt innhold, fortel Lindeberg.

Noko utanom det vanlege

Lindeberg er oppglødd av tilbakemeldingane han har fått i forkant av måndagens foredrag og kulturelle innslag.

– Ein skulle kanskje tru at Helge Jordal var den som trakk publikum, men tilbakemeldingane tydar like mykje på at det er Bettina Husebø som gjer det.

– Det at vi har fått ein annerkjent internasjonal forskar som Husebø til å helde foredrag trur eg vil vera med på å gi det fyrste seniortreffet ein ekstra dybde og eit ekstraordinært foredrag utanom det vanlege, seier Lindeberg.

Målet for prosjektet er å gje seniorar, pårørande og andre interesserte informasjon, vegleiing og oppleving til glede og nytte for alderdomen.

Måndagens treff er det første av tre treff denne våren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.