Lokal | 02. mars 2019

Er sjølvforsynt med grønsaker frå eigen hage

Held foredrag på Os: – Å dyrka sunn og trygg mat til borna mine, er motivasjonen, seier Maria Berg Hestad.

Er sjølvforsynt med grønsaker frå eigen hage
Maria Berg Hestad. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. mars 2019 09:18

Maria Berg Hestad er ei engasjert småbarnsmor og grønsaksdyrkar. Ho har tre born på 1, 5 og 9 år, men sjølv om kvardagen er travel med jobb og familie, tar ho set tid til å dyrka grønsaker nok til at familien er sjølvforsynt.

– Eg har ungar rundt meg heile tida, men kjøkkenhagen har blitt ein del av kvardagen, også for ungane.

– Når du set av litt tid kvar dag til å jobbai hagen, kan du få til ganske mykje. Motivasjonen min er å dyrka sunn og trygg mat til ungane mine.

Maria driv bloggen «Det grønne skafferi», der ho deler tips og erfaringar.

Foredrag i Os

– Det å ha ein hage som du kan hausta av er ein draum for mange. Det er så mykje som du kan dyrka, alt frå krydderplanter og grønsaker til bær og frukt, seier Jan Helge Gram Eggestøl frå Os Hagelag.

«Frå hage til mage» er tema for Os Hagelag dette året.

– Torsdag får vi Maria Berg Hestad på besøk. Ho gir mange gode tips til å dyrka grønsaker på ein enkel og bærekraftig måte.

«Sjølvforsyning av grønsaker på einebustadtomt» er tittelen på foredraget.

– Som vanleg blir det servert kaffi, noko å bita og utlodning. Møtet og foredraget er på Tunet - kyrkje og kultursenter, fortel Jan Helge.

• Les òg: intervju med Maria på Aftenposten.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.