Kultur | 30. sep. 2016

Er Sverre best av dei beste?

Skøytestjerna Sverre Lunde Pedersen frå Os er blant deltakarane i årets «Best av de beste», som snart har premiere på TV2.

Er Sverre best av dei beste?
F.v.: Martinsen, Holøs, Olimb, Lunde Pedersen, Spieler Nilsen, Bøkko, Bø, Thingnes Bø, Hegle Svendsen, Krogh, Brandsdal og Vigen Hattestad. (Foto: TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. sep. 2016 09:56

Sidan 2010 har TV2 sett ulike toppidrettsutøvarar opp mot kvarandre i 30 ulike øvingar.

I fjor var det friidrettsutøvar Henrik Ingebrigtsen som vann, i år er Sverre Lunde Pedersen blant deltakarane.

Sverre har blant anna selskap av skøytekompis Håvard Bøkko, som nyleg har bestemt seg for å legga opp.

Premieren er tysdag klokka 20. Innspelinga er gjort i Spania.

Konkurrerer mot ishockey, skiskyting og langrenn

I år skal tolv kjente profilar frå fire vinteridrettar sjå kven som er best.

Denne gong handlar det ikkje om individuelle konkurransar, men lagvis.

Her er laga:

Ishockey: Anders Martinsen, Jonas Holøs og Mathis Olimb.

Langrenn: Eirik Brandsdal, Finn Hågen Krogh og Ola Vigen Hattestad.

Skiskyting: Emil Hegle Svendsen, Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø.

Skøyter: Håvard Bøkko, Simen Spieler Nilsen og Sverre Lunde Pedersen.

Programleiarar er Freddy dos Santos og Thea Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.