Lokal | 02. juli 2018

Er Tore «Noregs hyggelegste handverkar»?

Tore Kleppe kjempar om den gjeve tittelen «Norges hyggeligste håndverker».

Er Tore «Noregs hyggelegste handverkar»?
Tore Kleppe er nominert til «Norges hyggeligste håndverker» (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 02. juli 2018 06:27

Bakgrunnen for kåringa er at byggenæringa ønskjer å få fram alle dei dyktige, flinke og ofte veldig hyggelege handverkararne rund om i landet.

Kven som helst kan difor nominera «sin» handverkar, som ein kan stemma på via nettet.

– Er eit ja-menneskje

Nettopp det har Monica Engelsen gjort med Tore Kleppe.

I nominasjonen skriv ho: «Jobber for Os kommune og følger opp kommunale boliger! Er JA-menneske som alltid hiver seg rundt og som ser løsninger der de fleste hadde gitt opp. Er et forbilde for kolleger og er likt av alle! I tillegg bruker han like mye energi på frivillig innsats for Os Turn idrettslag! En fantastisk mann!! »

Her kan du stemme på Tore

Ser ikkje problemet

Tore Kleppe fortel at han sjølvsagt tykkjer det er triveleg å bli nominert.

– Det er klart det er. Eg set pris på det.

– Kva trur du det er som gjer at du har blitt nominert?

– Det vet eg jo ikkje, men eg har alltid prøvd å vera positiv. Eg trur det har litt med korleis ein angrip ting. Eg har valt å angripa ting med at «dette ikkje eit problem. Dette skal vi finna ei løysing på», seier Kleppe.

Ikkje åleine

Ei av Kleppe sine houvdoppgåver, og som gjer at han er nominert, er å setta i stand dei kommunale utleigebustadene før nye leigetakarar flyttar inn.

– Eg er ikkje aleine om denne oppgåva, men det er eg som koordinerar arbeidet. Dette handlar like mykje om heile avdelinga eg no er ein del av. Der vi tidlegare var mange med generell kompetanse, så har vi no mykje meir spisskompetanse inn i dei ulike faga. Det gjer at vi kan sørva mykje meir sjølv, så det er ikkje eit solo-løp frå meg, men eit lagaarbeid frå heile avdelinga, understreker Kleppe.

Ligg på topplista

I skrivande stund ligg Tore Kleppe på sjetteplass på den totale topplista og suverent i leiinga i kategorien «Målarar», men konkurransen går heilt fram til finalistane blir plukka ut og offentleggjort 1. september 2018.

Antal stemmer er eitt av kriteria som blir nytta når finalistane skal avgjerast. Du kan røyste fleire ganger, men berre ein gang om dagen.

Du kan stemme på Tore her

Finalen blir halden på Boligmessen på Fornebu (Telenor Arena) i Oslo, 15. september 2018.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.