midtsiden

Erik Tysse får gå OL i 2012

– Viss vi lager internasjonalt løp i Os sentrum 8. juli rekk han akkurat å kvalifisera seg, seier storesøster Kjersti.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag kom idrettens voldgiftsrett (CAS) med informasjon om at dei har oppheva regelen fastsett av Den Internasjonale Olympiske Komité (IOC) om at utøvarar som er dømt for doping og ilagt straff på seks månedar eller meir ikkje får gå påfølgjande OL.

Sjølv om dopingdømte Erik Tysse sin anke blei forkasta, og uansett kva som skjer med vidare oppfølging av saka, er han fri til å konkurrera igjen frå sommaren 2012.

Men utan CAS si oppheving av denne IOC-regelen ville kappgjengaren Tysse ikkje fått gå i OL, som blir arrangert i London 27. juli til 12. august 2012.

– Det er utruleg kjekt! No får Erik noko målretta å trena fram mot - og det blir akkurat tid for han å kvalifisera seg til OL, seier storesøster Kjersti Tysse Plätzer til Midtsiden.no.

Erik er fri til å konkurrera 7. juli neste år. Fristen for å kvalifisera seg til OL er dagen etterpå, innan klokka 23.59 søndag 8. juli.

– Eg trur vi kjem til å satsa på å laga eit kvalifiseringsstemne i Os sentrum denne søndagen. Ikkje berre fordi det er stas å gå i Os etter det Erik har vore gjennom, og etter all støtta han har fått i heimbygda, men fordi Os sentrum er ideell til kappgang.

– Os sentrum har korte strekk og det er bra for psyken når det går mot slutten av eit løp. Du kan ha Dragesethjørnet som eitt mål, Tanngarden som neste, forklarar ho.

– Men eg kjem ikkje til å gå sjølv, legg ho til.

Stemnet må vera av internasjonal standard, oppmålt og godkjent og med tre internasjonale dommarar.

– Kva distanse det blir snakk om blir avgjort seinare, men konkurransen må inn på den internasjonale terminlista, som skal vera klar 30. november i år, seier Kjersti Tysse Plätzer.

Erik Tysse var opptatt med NRK då Midtsiden slo på tråden. Her kan du lesa kva NRK Hordaland skriv om saka.

 

Fleire saker