Næringsliv | 26. jan. 2010

Etterlyser gode idear

Har du ein god idé. Er den god nok kan den vera verdt 1,3 millionar kroner.

Etterlyser gode idear
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. jan. 2010 15:22

- Sjølv om mange meiner dei har god oversikt over kva som rører seg i bygda, er det nok mykje vi ikkje veit òg. Dessutan er ein god idé noko folk ofte held for seg sjølv fram til ei eventuell realisering, seier Jan-Erik Olsvold.

Olsvold er bedriftsrådgjevar i DnB NOR på Os, og desse dagar jaktar banken på gode idear. DnB NORs Innovasjonspris er verdt 200.000 kroner regionalt. Vinnarane i dei sju regionane dei har delt Noreg inn i møtest til nasjonal finale med premie på 1 million kroner.

- Nytt i år er "Folkets pris", ein sum på 100.000 kroner som alle finalistane er med og kjempar om, i tillegg til 200.000 og millionen i førstepremie.

"Halvlokal" vinnar i 2007
Innovasjonprisen til DnB NOR er kanskje ukjent for mange osingar, men ein vossing som tidlegare hadde arbeidsplassen sin i Os stakk i 2007 av med både finaleplass og førstepremie på landsbasis.

Professor emeritus dr. med. Einar Sudmann, som tidlegare var overlege på Kysthospitalet i Hagavik, vann med nye, forbetra leddproteser.

Bli med i konkurransen om 1,3 millioner for årets beste forretningside.

Kven kan delta?
Prisen går til ein idé som:
• Bidrar til utvikling i norsk næringsliv. Bygger på ny kunnskap eller bruker eksisterande kunnskap på ein nyskapande
måte.
• Har eit tydeleg forretningsmessig potensial (i form av omsetnad, miljøgevinst, arbeidsplassar eller liknande)
• Har ein god og gjennomtenkt plan for korleis den skal realiserast

Regionale delfinalar blir gjennomførte i perioden mai-juni, nasjonal finale blir halde i Oslo i midten av september.
Os konkurrerer med bedrifter/personar frå Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
Frist for å senda inn ideen er 21. februar 2010.

Du kan lesa meir om innovasjonsprisen på www.dnbnor.no/innovasjon



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.