Det var ingen av representantane i kommunestyret som hadde noko direkte mot bygginga av ei bustadblokk med 13 bueiningar på delar av tomta som Kirkens Sosialtenester har kjøpt frå Helse Bergen i Finnebrekka. Likevel gjekk dei 16 representantane i oposisjonen mot å godkjenna reguleringsplanen.
– Det vesentlege her er trafikktryggleiken.
– Det ligg krav om fortau inne i denne reguleringa, men det er berre ein liten bit av Finnebrekka.
– Før det blir bygd på nabotomta, så vil det ikkje koma fortau nord til gamle osbrua. Det ligg i rekkjefølgjekrava for reguleringa av nabotomta, men kortid blir det bygd?
– Det same gjeld sørover frå krysset Finnebrekka/Gamle Finnebrekka. Der er det sagt at fortau skal inn i rulleringa av sentrumsplanen, men kortid skjer det, undra Harald Døsen (Ap), som peika på at det i mellomtida ville bli ei veldig dårleg trafikksikring i området.
Finnebrekka blir brukt som skuleveg for elevar til både ungdomsskulen og barneskulen i sentrum.
Steg for steg er problematisk
Døsen fekk støtte frå Jostein Bondevik (Krf).
– Her nyttar ein at ein skal fortetta og byggja i høgden i sentrum som eit alibi for å byggja i høgda i eit einebustadområde.
– Det står faktisk at dette ligg utanfor sentrumsområdet, men det avgjerande er er den auka trafikken som Døsen peiker på.
– Det er den steg for steg utviklinga som her blir problematisk. Nabotomta er regulert med 12 bustader, her er det snakk om 13.
– Difor må vi stille rekkjefølgje krav for området som ein heilheit. Når fortau opp til gamlebrua er bygd skal de få lov å bygga.
– Omsynet til dei mjuke trafikantane gjer at vi seier nei.
Urimeleg krav
Gustav Bahus (Frp), meinte at eit rekkjefølgjekrav ville vera urimeleg.
– Denne saka ligg innafor ei utbygging i Finnebrekka.
– Då naboeigedommen blei debattert var det mykje diskusjon og snakk om fortau båe retningar. Det enda med krav om fortau til gamlebrua.
– Når det gjeld denne reguleringa, så må det vera greitt å krevja fortau på eigen grunn.
– Eg høyrer det ligg inne gangbru over Oselvo i sentrumsplanen. Eg tykkjer difor det vil vera urimeleg å krevja rekkjefølgjekrav på denne tomta.
– Ei gangbru direkte over til sentrum vil vera glimrande for dei som bur i området og som flyttar inn her, meinte Bahus.
Er ikkje på plass
– No tykkjer eg Bahus føregrip saka. Hana snakker om ei bru som ikkje er der.
– Hadde den vore på plass, så hadde vi ikkje hatt denne problemstillinga, repliserte Bondevik som fekk støtte frå Døsen.
– Ap er ikkje mot fortetting, men infrastrukturen må vera på plass. Før det kan vi ikkje fortetta.
– Det manglar fortau og det manglar bru over elvo. Vi kan ikkje rekna med noko som ikkje er der, kommenterte Døsen.