Næringsliv | 20. juni 2015

Europas grøne Sillicon Valley?

Spennande interesse for Lyseparken. – Potensialet er enormt, også i eit globalt perspektiv, seier utviklingsdirektøren.

Europas grøne Sillicon Valley?
Utviklingsdirektør for Lyseparken, Fredrik Seliussen, ser ei spennande framtid for næringsområdet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 20. juni 2015 08:31

Fredrik Seliussen, utviklingsdirektør for Lyseparken, fortel om ei stor interesse for Lyseparken.

– Vi er i ein unik posisjon med eit jomfruleg næringsareal, kor vi kan skapa akkurat det vi vil. Det har fleire sett.

– No har vi sjansen til å skapa noko nytt, unikt og betydningsfullt, ikkje berre for Os men for heile Europa, seier Seliussen.

Den nye olja

Internasjonal utvikling går i retning av ei dreining frå fossil energi som olje og gass, til grøne og fornybare energikjelder.

– I Tyskland blei alle atomkraftverka lagt ned i 2014 og utslippa redusert med 40 % i forhold til 1990. Innan 2050 har dei som må å redusera dei med 80 % samanlikna med 1990. Det gjer at ein ventar eit større behov for fornybar energi og at mange andre land, til dømes Frankrike, vil gå i same retning.

– Prognoser eg har sett tyder på forbruket grøn energi i løpet av dei tjue neste åra vil tredobla seg. Då snakker vi mykje penger og store verdiar. Paradokset er at det finnst ikkje eit samla forskning- og utviklingsmiljø inna dette området i den vestlege verda. Kina har noko på gang, men i Europa ligg vi etter, men bransjen er på gang. Berre sidan 2004 har det vore investert 1,5 billionar dollar i forskning og utvikling på dette området.

– Nokre av dei aktørane som har kontakta oss og som vi er i dialog med er store innan denne bransjen. Eit av dei har hovudsete i Noreg mens det andre er heimehøyrande i Tyskland.

– Begge er veldig på, fortel utviklingsdirektøre, som ikkje vil røpa kva selskap det er snakk om.

– Til det er vi for tidleg i prosessen.

Vil dra kvarandre opp

Seliussen ser for seg at Lyseparken vil passa perfekt til å bygga opp den første klynga av verksemder innan den nye marknaden.

– Det kan vera bedrifter som driv utvikling og forsking, det kan vera høgskule og forskningsmiljø, det kan vera supplerande leverandører. Klarer vi å skape eit miljø innan grøn energi, så vil det tiltrekka seg nye og fleire aktørar frå heile Europa. Ein av dei vi snakkar med kallar det eit grønt Sillicon Valley for nyskaping og utvikling.

Må våga å velgja

Frå han blei i jobben for snuat to år sidan har han nytta mykje tid på å studera kva og korleis andre næringsområder har rigga seg og utvikla seg.

– Vi har to dømer på næringsområder eg meiner har gjort det rette. IT-parken på Fornebu og Bergen Media City, kor det står leigetakarar i kø for å koma inn. Felles for desse er at dei har tørt å ta eit standpunkt og å konsentera seg om eitt konsept.

– Det må vi våga å gjera også. Vi må vera så tøffe at vi seier dette er konseptet vårt, desse verksemdene ønsker vi, desse ønsker vi ikkje. Vi må rett og slett tørra å velgje vekk nokon om dei ikkje passar inn, påpeiker Seliussen.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.