Næringsliv | 23. sep. 2010

Facebook har trøbbel

Har du problem med å koma inn på Facebook i kveld? Du er ikkje åleine.

Facebook har trøbbel
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. sep. 2010 21:12

«Service Unavailable - DNS failure», er meldinga mange møter på når dei prøver å logga seg på Facebook torsdag kveld.

Dei siste dagane har Facebook hatt tekniske problem. I førre runde var det ein underleverandør som gjorde nettsamfunnet ustabilt, no er det uvisst kva som skaper trøbbel for Facebook.

I periodar får du logga deg inn, men det meste går seint og fleire funksjonar er ute av drift.

Facebook stadfestar via Twitter at dei har problem og skriv at dei jobbar med å finna ei løysing snarast råd.

Oppdatert: I løpet av torsdagskvelden var fjesboka i drift som normalt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.