midtsiden

Færre gaseller i Os

Med 12 gasellebedrifter, 2 færre enn i fjor, plasserer Os seg på 17. plass i Hordaland.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Gaselle er eit namn Dagens Næringsliv har innført for norske bedrifter med ryddig økonomi og jamn vekst over fleire år. Av alle aktive bedrifter med omsetnad over 1 million kroner er det kvart år berre cirka 5 prosent som kan kalla seg gasellebedrift.

Gasellebedrifter må ha:
• Levert godkjente rekneskap
• Minst dobla omsetnad over fire år
• Omsetnad på over éin million kroner første år
• Positivt samla driftsresultat
• Unngått negativ vekst
• Vore organisert som aksjeselskap

Os på 17. plass
I morgon blir gasellelista for Hordaland publisert, men allereie i dag har Dagens Næringsliv rangert kommunane i Hordaland etter tal på gasellebedrifter per innbyggjar.

Os har med sine 12 gasellebedrifter, 2 færre enn i fjor, og 16.486 innbyggjarar (1.1.2009) 7,3 gaseller per 10.000 osing. Det held til 17. plass.

Modalen har 2 gasellebedrifter, men berre 250 innbyggjarar, så dei toppar lista framfor Eidfjord. Austevoll  ligg på 3. plass med sine 8 gaseller, Fusa på 4. plass med 6.

Fem utan gaseller
Bergen kommune har flest, med sine 257 gaseller. Det kvalifiserer til 13. plass. Fjell har nest mest med 31, så kjem Stord (19), Kvinnherad (15), Askøy (14), Bømlo (13) og Os med sine 12.

Fem kommunar i fylket har ingen gasellebedrifter: Jondal, Ulvik, Samnanger, Fedje og Masfjorden. Tysnes har éi gasellebedrift.

HER KAN DU SJÅ TIDLEGARE GASELLEBEDRIFTER I OS

2008 – 14 gaseller
Plass i Hordaland Firmanamn (Omsetnad i mill. kr i 2007/vekst frå 04-2007)
17. Vestnorsk Engineering AS (31,3/380%) (Den gong registrert med adresse i Fjell kommune)
40. Transport og Gulvstøp AS (6,9/291%)
63. Os Helsepark AS (7,7/275%)
106. Bjørn Døsen AS (17,6/244%)
114. Os Maskin AS (9,4/195%)
200. BEME Corrosion International AS (20,8/158%)
278. Rolf Knarvik Transport AS (25,7/135%)
318. Intercontrol AS (27/124%)
338. Os Maskinering AS (19,6/126%)
356. Vitaltour AS (46/117%)
372. Heggland Heiltre AS (16,7/120%)
373. Grindevoll Maskinutleie AS (4,4/116%)
433. Drange Maskin AS (52,1/104%)
442. Os Byggsenter AS (62,6/103%)

2007 – 11 gaseller
Plass i Hordaland Firmanamn (Omsetnad i mill. kr i 2006/vekst frå 03-2006)
36. Drange Maskin (45,8/288%)
45. Vitaltour AS (34,9/335%)
48. Os Helsepark AS (6,6/250%)
83. Os Knuseverk AS (14,5/314%)
119. Rolf Knarvik Transport AS (19,6/148%)
129. Fjellanger Hundeskole AS (2,7/159%)
218. Inka AS (26,5/1799%)
228. Solstrand Hotel & Bad AS (89,7/126%)
245. Byggmester Kjetil Styrvoll AS (7,4/104%)
292. Os Maskin AS (7,6/209%)
302. Haukedal Transport AS (8,7/193%)

2005 – 7 gaseller (vi har dessverre ikkja lista frå 2006)
Plass i Hordaland Firmanamn (Omsetnad i mill. kr i 2004)
35. MacBox AS (17,6)
46. Heldal og Sønn AS (40,8)
50. Haukeland Transport AS (3,7)
93. Gaassand Anleggservice AS, (7,5)
162. Brødr. Borgen Ferdigbetong AS (16,7)
171. Askvik Maritim AS (54,3)
177. Master Call Norway AS (8,5)

Fleire saker