Fagerthun fleskar til
Her er årets pokal til vinnaren av MidtsidenCup.
Det nærmar seg årets gatecup for vaksne på Kuventræ, og John Fagerthun har allereie gira seg opp.
– Leiar for sportsleg utval i Os Turn Fotball, Roald Stigen, er ein av mine beste kameratar. Vi er litt ulike når det kjem til fotballinteresse, han meiner eg er det motsette av ein idrettsmann. Men eg følgjer no litt med, så no tenkjer eg han blir overraska, ler Fagerthun.
Frå premiebutikken sin i Os sentrum har han henta fram den største pokalen han har i utvalet, med spesialpris til MidtsidenCup.
– Eg tenkjer denne får gå til vinnaren av herrar elite, i den klassen reknar eg med at det er mange som har vakse opp med ein draum om å få halda ein skikkeleg pokal ein gong.
MidtsidenCup går av stabelen 14, 15. og 17. november. Påmeldingsfristen går ut fredag om ei veke.
Midtsiden samleside: MidtsidenCup
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.