Politi | 28. sep. 2021

Familie i Sperrevik blir stadig vekt av støy

Politiet har patruljert fleire gongar utan å møta syndaren.

Familie i Sperrevik blir stadig vekt av støy
Eit av nabolaga i Sperrevik-området. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. sep. 2021 07:30

Politiet fekk rundt midnatt melding frå ein som bur i Sperrevikvegen, som fleire gongar den siste tida har opplevd at han og familien blir vekt av støy.

– Vi har hatt hyppig patruljering i området, det er eit gjentakande problem, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Meldar seier lyden høyres ut som store motorar, men har ikkje sett nokre køyretøy.

Politiet har framleis heller ikkje funne støykjelda.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.