Familien har krympa
Svaneparet har ikkje sju ungar lenger.
Fredag 25. mai fekk knoppsvaneparet i Oselvo 7 ungar. Eitt åttande egg klekte ikkje.
Sjå bilde og video frå klekking og ein av dei første symjeturane.
Torsdag morgon fekk vi tips om at familien no var nede i 6 ungar.
– Det ser ut som om den eine er død, sa Sølvi Bugge, som snart kjem med bok om svanene.
Kåre Orrebakken, som er ein av dei nærmaste naboane til reiret, og til flua i Oselvo med det rike fuglelivet på, fortel at kråkene kan vera glupsk på denne tida.
– Eit grågås-par hadde med seg nokre ungar opp elva, men kråka var der med det same og tok den eine ungen.
Om det er kråke eller måse som har tatt den eine svaneungen er uvisst, men svanefar Hamnesjefen gjer nok sitt beste med å passa på.