midtsiden

Fanga på fulltid

Os-trenar Frank Hellevik får full stilling, og litt til, på Kuventræ i år.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Alle i trenarteamet til Os, Frank Hellevik, Tore Nielsen, Ketil Elvenes og Arne Hitland, held fram etter det doble opprykket i fjor.

Hellevik får i tillegg jobben som dagleg leiar, ei rolle han gjorde seg kjent med i haust. I praksis kom det ingen og overtok etter Bjarte Wiberg, som slutta førre vinter. Frithjof Wilborn utretta lite, og då det heile ebba ut sommaren 2009 overtok Hellevik ansvaret for ein del praktiske oppgåver ut året.

- Eg får både administrative oppgåver i fotballgruppa og ansvar for sponsorsal og kontakt med eksisterande sponsorar. Saman med trenarjobben blir dette cirka 200 prosent stilling, seier Frank og ler.

God forsmak
Sidan september har han hatt ei tilsvarande rolle for fotballgruppa, og det gav meirsmak. Blant nye tiltak han kom med var Fosballmagasinet, eit blad som blei gjeve ut i forkant av opprykkskampane, med presentasjon av Os sin stall og motstandarane Austevoll sitt lag.

- Då eg selte annonsar til magasinet blei eg betre kjent med Os og mange osingar. Det var fint å vera ute i felten på denne måten, blant mange supportarar i ei veldig fotballinteressert bygd.

Nye tiltak i 2010
Når Hellevik i år skal sørgja for økonomisk grunnlag for å halda Os og Os 2 i 2. og 3. divisjon, kjem fleire nye tiltak.

- Vi skal ha fleire utgåver av Fosballmagasinet, fleire aktivitetar på Kuventræ og andre stadar i regi av fotballgruppa, og prøva å få endå fleire tilskodarar til kampane.

- Når eg ser kor stor interessa var sist Os var i 2. divisjon trur eg det skal gå bra, ikkje minst med alle dei interessante motstandarane frå Austlandet som vi får i år.

Lågare budsjett
Os Turn gjekk på ein smell grunna sviktande inntekter i fotballgruppa i 2009. Økonomien blei stabla på beina etter sommaren, men i år er det lagt opp til eit meir varsamt budsjett.

- Vi kjem til å ha mykje mindre å rutta med enn dei fleste andre klubbane i avdelinga, men litt inntekter må klubben ha. Det kostar meir å ha eit lag som spelar toppfotball, og det håpar eg er eit spleiselag osingane vil vera med på, seier Frank Hellevik.

Fleire saker