Lokal | 27. mai 2009

Fanga seg sjølv

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. mai 2009 07:54

Tysdag morgon oppdaga Laila Dale at ho hadde to hestar for mykje. Hennar fjording og ponni sto i stallen, og i innhegninga sto to hestar ho ikkje kjenner frå før.

- Eg tenkte at det kunne vera nokon hadde fanga dei og plassert dei hos oss, men slik var det ikkje, fortel Laila.

Hestane hadde stukke frå beite eit stykke unna, og truleg lukta seg fram til stallen til Dale.

- Dei hadde ikkje så langt å gå, men vegen er ikkje beint fram heller. Så dei har vore flinke til å finna fram.

Spor viser at dei to vandrarane har vore innom stallen og helst på fjordingen og ponnien før dei gjekk ut og stilte seg opp innanfor gjerdet.

- Eg fekk ein telefon på formiddagen, av ein annan som leiger beite der hestane hadde stukke frå. Dei som leiger ut beite kom og henta hestane. Det var snille dyr, så det var ikkje problem å ha dei på besøk, ler Laila.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.