Dieseltanken låg på rek utanfor Gulholmane, nær Kobbavågen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fann 500 liter med diesel på rek

Ein halvfull tank låg og skvulpa utanfor Gulholmane og Kobbavågen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Søndag fekk politiet melding om funn av dieseltank på rek i Øyane. Dei sendte beskjeden vidare til Os brannvesen, som rykte ut med båt.

– Det var ein halvfull tank på 1000 liter. Den såg gamal og rusten ut, og kan ha lagt på rek ei stund, fortel varabrannsjef Arne Monsen.

Dei sikra tanken i ei fjøre ved Momfrubakkneset, mellom Gulholmane og Kobbavågen.

– Vi kontakta hamnevakta i Bergen. Dei hadde ikkje kapasitet til å rykka ut i går, men vi skal i dialog i dag om kven som tar seg av denne vidare.

OPPDATERT: Hamnevakta har måndag formiddag stadfesta at dei reiser ut og fjernar dieseltanken.

Var ikkje pipebrann likevel

I 13-tida søndag rykte politiet ut på melding om mogleg pipebrann i Kuventrævegen.

– Det var ingen brann, men ein pipehatt med gjenskin i, som kanskje kan ha fått det til å sjå ut som brann. Men det var litt sot i pipa, så vi fekk feia den mens vi først var på staden.

Promillekontroll på Lepsøyvegen

Søndag formiddag hadde politiet promillekontroll på Lepsøyvegen.

– Patruljen stilte seg ved Os Lakk og Karosseri, foretl politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Over 30 bilistar blei kontrollerte, alle var edru.

Fleire saker